Vil fordele nær 2,4 mill kr til tettstadutviklingsprosjekt
Fylkeskommunedirektøren foreslår å fordele 2, 4 mill. kr til ulike utviklingsprosjekt i Hustadvika, Averøy, Sykkylven, Ørsta og Stranda.
Innstillinga vil bli behandla politisk i Kultur,- næring- og folkehelseutvalet den 14. juni. Tildelinga er ein del av fylkeskommunen sitt arbeid med berekraftig tettstadutvikling i kommunane.
Desse prosjekta er foreslått støtta:
Kommune | Tiltak | Tilskot |
Hustadvika | Detaljprosjektering av torg i Elnesvågen | 500 000 |
Averøy | Plangrunnlag, medverknad og, planlegging tursti, designmanual, og pop up park | 520 000 |
Sykkylven | Historisk park på Auremarka i Sykkylven | 674 000 |
Ørsta | Utformingsplan for Ørsta sentrum | 175 000 |
Stranda | Tettstadutvikling og berekraftig omstilling Geiranger | 500 000/ |
Sum |
| 2 369 000 |
Detaljprosjektering av torget i Elnesvågen sentrum
500 000 kroner til detaljprosjektering av det sentrale torget i Elnesvågen sentrum: Kommunen har ferdig ideskisse, men reguleringsarbeidet står att. Kommunen ønsker at torget i framtida skal inngå i ein samanhengande akse som strekker seg frå sentrum, forbi kulturskolen og vidare ned til fjorden.
Torget må detaljplanleggast for å handtere overvatn, leidningar for vatn og straum, høgder og trapper ved inngangsparti, overgangar mellom ulike nivå, universell utforming, møblering, materialbruk, belysning og plantning.
Planlegging av tursti, designmanual og pop up- park i Averøy
520 000 kroner til utvikling av Bruhagen sentrum: Averøy kommune arbeider med å utvikle plangrunnlag for nærmiljøanlegg, turveg Straumsvågen –Gammelfossen, elvepark og designmanual for utstyr og fargebruk i sentrum Samtidig arbeider dei med arrangement og midlertidige tiltak. «Stikk ut og rydd», ein midlertidig Pop-up-park, eventet «Det suser i sivet», arbeidsverkstad med ungdomar og andre interesserte. Disse tiltaka bidrar til at det skjer noko før dei permanente tiltaka er på plass.
Historisk park på Auremarka i Sykkylven
674 000 kroner til å etablere ein historisk park på Auremarka i Sykkylven: Marka inneheld spor etter eit av landets største langhus frå jernalderen. Riksantikvaren/fylkeskommunen har gitt løyve til å legge skiferdekke på tufta. Målet er å skape eit attraktivt parkområde der ein formidlar kunnskap om fornminna som skjuler seg under bakken. Parken kan bli ein attraktiv samlingsstad for bygda. Frå før er det rekonstruert eit bronsealderhus i området.
Utformingsplan for Ørsta sentrum
175 000 kroner til å utarbeide ein utformingsplan for sentrum: Dette vil vere eit viktig verktøy for å sikre at opparbeidingar som kjem etappevis i sentrum får lik utforming, og for å sikre at det blir ein heilskap i gate- og byromsmiljøet.
I samband med utviding av Alti kjøpesenter i Ørsta, vil det også bli utbygd sentrale by- og gaterom. Å utarbeide ein utformingsplan som er samordna med planlegging av desse by- og gateromma er smart. Planen vil gi føringar for korleis blant anna Havtor Hovden-plassen og sambruksgata i Webjørn Svendsen-gata skal utformast.
Utformingsplanen vil bestemme prinsipp for materialar, møblering og installasjonar for dei ulike gatene og byromma i sentrum.
Tettstadutvikling og berekraftig omstilling i Geiranger
500.000 kr til eit moglegheitsstudie som skal resultere i ein utviklingsplan for Geiranger sentrum: Kommunen ønsker å få planlagt ein overordna, strategisk plan for heile Geiranger sentrum. Denne skal få fram Geiranger sin identitet og legge føringar for vidare forretningsutvikling, strategi for areal til nye aktivitets – og salstilbod, og ein overordna plan for videre byggeaktivitet. Tiltaka skal sikre at Geiranger sentrum får meir besøk, gjennom heile året.
Bakgrunnen er at det med nullutsleppsvedtaket ikkje lenger vil kome inn cruisebåtar, og tettstaden vil dei neste åra gå gjennom ei større omstilling i kjølvatnet av dette. Blant anna er det planar om å bygge ein ny marina. Dette kan verte eit stort byggeprosjekt midt i sentrum.
Midlane er fordelte frå ordninga «Berekraftig tettstadutvikling»» i «Program for berekraftige byar og tettstader». Det blir ny utlysingsrunde med midlar med frist for å søke 1. oktober 2022.