Vil fortsette prosjektet med å flytte statlege arbeidsplassar til fylket

Det er krevjande å få flytta statlege arbeidsplassar til eit distriktsfylke som Møre og Romsdal. Men arbeidet må halde fram, meiner fylkeskommunedirektøren.

Skriv ut

I dag, tysdag, skal kultur-, næring- og folkehelseutvalet ta stilling til om prosjektet skal føres vidare i perioden 2022-2024.

I si innstilling peikar fylkeskommunedirektøren på at heile Møre og Romsdal treng tilførsel av statlege arbeidsplassar, men byane Ålesund, Molde og Kristiansund, og andre større kommunesenter vil vere dei mest konkurransedyktige stadane for lokalisering. Det skal leggast særleg vekt på dei regionalpolitiske utfordringane Kristiansund står overfor som følgje av flytting av sjukehuset og forventa nedtrapping av petroleumsverksemda.

Møre og Romsdal fylkeskommune starta i 2017 eit prosjektarbeid for å auke talet på statlege arbeidsplassar i fylket. Bakgrunnen var, og er, at Møre og Romsdal er fylket i landet med færrast statlege tilsette. Tal for 2020 viser at det var 10.700 statlege arbeidsplasser i fylket vårt. Berre Rogaland har ein mindre del statlege tilsette av total sysselsetjing enn Møre og Romsdal (7,7 prosent mot 8,4 prosent).

Prosjektet har som mål å få lokalisert fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal, ved å bidra til å:

  • Sikre og utvikle dei statlege forvaltningsmiljøa som allereie er i fylket
  • Lokalisere nye eller flytte eksisterande statlege funksjonar til Møre og Romsdal
  • Skape nye statlege arbeidsplassar gjennom etablering av verksemder som løyser nye statlege tenestebehov

Prosjektet har fått hjelp frå konsulentmiljøet Menon Economics, som har skrive ein rapport. Den er ført i penna av Karl Eirik Scjøtt-Pedersen, Bjørn T. Grydeland, Maren Nygård Basso og Erik W. Jakobsen.

Møre og Romsdal fylkeskommune ba konsulentmiljøet Menon Economics om å svare på to spørsmål:

  1. Kva statlege oppgåver har vi gode føresetnader for å løyse i Møre og Romsdal?
  2. Kva statlege oppgåver er det for tida aktuelt å flytte ut?

Den viktigaste bodskapen deira er at regionalpolitiske vurderingar som oftast vil vege tyngre enn kva kompetanse som finst på staden, når lokalisering skal avgjerast. Difor meiner Menon Economics at Møre og Romsdal sitt sterkaste argument for statleg lokalisering er knytt til situasjonen for Kristiansund.

Menon Economics rådar til å spisse innsatsen mot eit fåtal prosjekt, og meiner prosjektet må jobbe vidare med desse fem:

  • Forvaltningseining for helseinnovasjon til Kristiansund
  • NAV-ombod til Kristiansund
  • Rekneskapssenter til Kristiansund
  • Eksportstrategirådet til Ålesund (vart vedtatt lagt til Ålesund like etter at Menon leverte rapporten)
  • Tilsynssenter i Molde

Snarvegar

Kontakt