Vil fremme felles transportsatsingar med Trøndelag til NTP

Fredag møter Møre og Romsdal saman med Trøndelag fylkeskommune stortingsrepresentantar frå begge fylka, for å presentere felles prioriteringar til Nasjonal transportplan 2022 -2033 (NTP).

Skriv ut

- Fylka har mange felles transportutfordringar, og vi kan få større gjennomslagskraft når vi står saman, seier Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Saman med Tore O. Sandvik, fylkesordførar i Trøndelag, og representantar frå Samarbeidsforum for samferdsel i Midt-Norge, skal Torve legge fram felles transportsatsingar for stortingsbenkane. Målet er å få satsingane inn i NTP 2022-2033.

Dette gjeld blant anna:

-  satsing på fylkesveg

-  Teknologiskifte, for mellom anna hurtigbåt og ferje

- Dovre- og Raumabanen

Frå Møre og Romsdal fylkeskommune deltar fylkesordførar Tove-Lise Torve og medlemmar av Samarbeidsforum for samferdsel i Midt-Norge, leia av Kristin Sørheim (SP).

Frå Mørebenken deltar Steinar Reiten (KrF), Anders Riise (H), Fredric Holen Bjørdal (AP), Else-May Norderhus, Helge Orten (H) og Jenny Klinge (Sp).

Møtet vil bli streama for media og andre interesserte, fredag 23. april kl. tolv. 

Kontakt