Vil ha fleire internasjonale flyruter til Ålesund

Fylkeskommunedirektøren vil bidra til å utvikle Ålesund lufthavn med direkteruter til internasjonale flyplassar. 

Skriv ut

Til møtet i kultur-, næring- og folkehelseutvalet foreslår han å løyve eit tilskot på inntil 1,5 million kroner til selskapet Utviklingsforum for Ålesund Lufthavn Vigra AS for prosjektet «Gjenreising av regionen sin internasjonale tilgjengelegheit». 

Prosjektet blei starta i 2019, men grunna pandemien har det vore lite aktivitet i 2020/2021. No har styret i selskapet vedtatt å auke aktiviteten. Det er utarbeida ein strategi- og handlingsplan for selskapet for perioden 2021-2025 med hovudvekt på å vidareutvikle og styrke passasjergrunnlaget for direkteruter mellom Ålesund lufthavn, Vigra og internasjonale flyplassar. 

Resultatmål 

I søknaden frå Utviklingsforum for Ålesund Lufthavn Vigra AS er det mellom anna sett opp følgande resultatmål for Ålesund lufthavn: 

  • Tilby daglege avgangar til minimum to internasjonale hub-ar med minimum to daglege t/r-frekvensar. 
  • Tilby heilårlege avgangar til minimum fem europeiske destinasjonar med hovudvekt på næringslivet sine behov (inkludert reiselivsnæringa). 
  • Tilby sesongbaserte avgangar med minimum frekvens til fem avgangar per veke til sommardestinasjonar og tre avgangar per veke til vinterdestinasjonar. 
  • Tilby eit høgfrekvent, effektivt og konkurransebasert rutenett nasjonalt med åtte-ti daglege frekvensar til Oslo og Bergen, fem til sju til Trondheim samt sesongbasert frekvens til Nord-Norge. 
  • Tilby ei nullutslepps tilbringarteneste. 
  • Vere ein del av eit utsleppsfritt rutenett for kortdistanseflyging i Norge. 

Avgjerande for næringslivet 

I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren at «Møre og Romsdal har eit svært internasjonalt retta næringsliv med omfattande eksport av varer og tenester. Effektiv tilgjengelegheit til dei internasjonale marknadene er avgjerande for å oppretthalde og vidareutvikle desse næringane.» 

Det aukande behovet for arbeidskraft og inntak av arbeidskraft frå særleg dei baltiske landa blir trekt fram. «Direkteruter til desse landa er derfor heilt avgjerande», skriv han. 

Eit pluss for reiselivet 

Også tilgjengelegheita for reiselivet blir lagt vekt på: «Dette er eit spennande og viktig prosjekt for heile fylket. Gode og direkte internasjonale flyruter er viktig for reiselivsnæringa. Fleire heilårlege direkteruter til fylket kan bidra til sesongforlenging, noko som er ei uttalt målsetting både regionalt og nasjonalt.» 

Fylkeskommunedirektøren er positiv til å støtte selskapet med 500.000 kroner årleg i ein treårsperiode. Han føreset at tilskotet er avgrensa til 38,5 prosent av godkjente kostnader på 3,9 mill. kroner, og at prosjektet blir fullfinansiert. 

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet avgjer saka i sitt møte tysdag 14. juni. 

Saksliste og saksframlegg for kultur-, næring- og folkehelseutvalet tysdag 14. juni 2022 

Kontakt