Vil ha fritak for passering av bom på fv. 662 Kjerringsundet

Eit fleirtal av fylkesutvalet ønsker at det blir gitt fritak for passering av bommen for E39 Nautneset-Julbøen ved Julsundbrua, for dei som passerer bommen på fv. 662 Kjerringsundet innan ein time.

Skriv ut

Forslaget vart fremma av fylkesordførar Tove-Lise Torve i fylkesutvalsmøte 25. april, og vart vedtatt med åtte stemmer. Fem representantar (FrP, SV, og MDG) stemte mot.

Bakgrunnen for forslaget er at politikarane meiner at trafikantane som skal til og frå Gossen blir belasta meir enn rimeleg, med at dei må betale for avløysing for eit ferjesamband som ikkje inngår i dagens reiserute. I uttalen står det at med å innføre timesregel blir det lagt til rette for dei som har nytte av den nye vegen, betaler for den faktiske nytten dei får. Fritaket skal gjelde for takstgruppe 1 og 2, og forutsett elektronisk brikke og gyldig avtale.

Du kan lese heile uttalen i mrfylke.no/politikk

Kontakt