Vil ha hovudkontor for ferje-Noreg

-Eit nasjonalt ferjekontor må bli lagt til Møre og Romsdal, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Skriv ut

Som ein del av omstillingsarbeidet i Statens vegvesen og Vegdirektoratet har det vore diskutert å etablere ei landsdekkande eining for ferjeforvaltninga. Eit samla fylkesutval i Møre og Romsdal ser det som naturleg at eit nasjonalt ferjekontor vert lagt til landets største ferjefylke, Møre og Romsdal.

Største ferjefylket

Møre og Romsdal er det største ferjefylket i landet med nær 7 mill. kjøretøy og over 14 mill. passasjerar i året. I Møre og Romsdal er det per i dag 20 fylkesvegferjesamband og 4 riksvegferjesamband. – I tillegg ligg Møre og Romsdal midt i mellom fleire andre ferjefylke, med svært gode kommunikasjonar til resten av landet. Dette gir nærleik til områda der ferjeutfordringane ligg og der drifta skjer, seier fylkesordfører Jon Aasen.

Fremst på innovasjon og teknologiutvikling innan ferjer

Møre og Romsdal er også fremst i landet når det gjeld å ta i bruk ny teknologi i utviklinga av ferjetilbodet, frå sanntidsinformasjon på ferjerutene til stor satsing på ei utslippsfri og framtidsretta ferjeflåte.

Internasjonalt leiande maritimt kompetansemiljø

Møre og Romsdal har i tillegg ei stor maritim klynge med eit internasjonalt leiande kompetansemiljø innan maritime operasjonar, logistikk og engineering. Fylket har også eit sterkt fagmiljø på veg- og samferdselsområdet og er spesielt godt eigna til å vere vertskap for landsdekkande funksjonar i framtidas vegforvaltning.

– Ei lokalisering av eit nasjonalt ferjekontor i Møre og Romsdal vil vere ei lokalisering midt i smørauget både geografisk og praktisk, og midt i eit knallsterkt maritimt kompetansemiljø, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Kontakt