Vil ha litteraturhus for heile fylket

Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum ønsker å etablere eit turnerande litteraturhus i Møre og Romsdal, med folkebiblioteka som lokale arrangørar ønsker. Tysdag 1. september vedtok kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal å støtte prosjektet.

Skriv ut

I første omgang er litteraturhuset eit treårig prosjekt, men ambisjonen er eit fast tilbod frå 2024.

–  Litteraturhus Møre og Romsdal er svaret som fyller det vakuumet vi har sett innan litteraturformidling dei siste åra, og det vi treng for å nå ut med meir litteratur til innbyggjarane i fylket vårt, seier leiar i kultur-, næring og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

 – Det er gledeleg å sjå at to av dei fremste aktørane innan litteraturformidling i fylket har funne kvarandre for å lage eit litteraturhus for heile Møre og Romsdal, og det er viktig at kommunane er positive til å bidra for å få tilbodet til kommunen sin, seier Krogsæter.

-For å styrke litteraturformidlinga i Møre og Romsdal er det viktig å bygge opp under dei profesjonelle aktørane som finst. Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum er dei største aktørane i fylket innan litteraturformidling for eit ope publikum. I desse institusjonane er det samla mykje erfaring og kompetanse i formidling av litteratur innanfor ulike sjangrar og for ulike målgrupper, fortsett Krogsæter.

Smart samarbeid

Folkebiblioteka har tidlegare etterspurt eit slikt tilbod som eit turnerande litteraturhus representerer. Det å planlegge arrangement som del av ein turné, i staden for som enkeltståande arrangement, vil redusere både kostnader og ressursbruk for biblioteka som har lite personalressursar og eit avgrensa økonomisk handlingsrom. Med eit turnerande litteraturhus vil dessutan fleire få nyte godt av litteraturformidlinga ved at forfattarar og andre formidlarar besøker bibliotek over heile fylket. Programarbeidet vil gå føre seg i dialog med biblioteka. For dei to institusjonane som skal drive litteraturhuset, vil det vere ein styrke å ha folkebiblioteka som lokale arrangørar.

 

Bjørnsonfestivalen
  • arbeider med å fremme interessa for litteratur og skrivekunst
  • har samarbeidd med biblioteka i Romsdal i prosjektet SamLes LITT 2017–2019, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og GassROR IKS
Nynorsk kultursentrum
  • arbeider med å formidle og forvalte nynorsk skriftkultur
  • har fleire utstillingar på turné i biblioteka. I Vestland gjennomfører dei turnear som fremmer nynorsk litteratur på bibliotek i nokre regionar der med støtte frå Vestland fylkeskommune.

Prosjektet støttar opp om både regional og nasjonal politikk på feltet:

  • Gjennom fylkesbiblioteket skal fylkeskommunen vere eit nav for bibliotekutvikling og litteraturformidling, bidra til aktivitet i biblioteka og legge til rette for nettverksbygging og møteplassar som fremmer samarbeid mellom bibliotek og andre aktørar.
  • Ein av prioriteringane i Fagplan bibliotek for Møre og Romsdal er å auke talet på arrangement og besøk i biblioteka.
  • Prosjektet Litteraturhus Møre og Romsdal støttar opp under minst to av hovudmåla for kultur i gjeldande fylkesplan (2017-2020):
  • Kunst- og kulturformidlinga skal vere allsidig, kunnskapsbasert, av høg kvalitet og for alle.
  • Biblioteka skal vere aktive formidlarar av kunnskap og kultur, ein uavhengig møteplass og debattarena.
  • I Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023 er målet å vidareutvikle biblioteka som relevante og viktige kunnskapsinstitusjonar som skal bidra til folkeopplysning og danning for befolkninga. Eitt av tre hovudtiltak for å nå dette målet er formidling.

 

Kontakt