Vil ha NAV-ombodet til Kristiansund

Måndag vedtok eit samstemt fylkesutval å sende ein uttale til regjeringa der dei ber om at ei nyoppretta stilling som nasjonalt Nav-ombod blir lokalisert til Kristiansund.  

Skriv ut

I tillegg til å sende ein uttale til regjeringa, vil fylkesutvalet også be om eit møte med statsråden om saka.  

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har færrast statlege arbeidsplassar. Kristiansund har i dag få statlege arbeidsplassar, og ved nedlegging av sjukehuset i 2025 vil arbeidsmarknaden bli svært utfordra for byen. 

Det er bakgrunnen for at fylkesutvalet ber om at ei nyoppretta stilling som Nav-ombod blir lokalisert til Kristiansund. Det er også i tråd med regjeringa sine retningsliner, der det blir presisert at det ved oppretting av nye statlege verksemder skal leggast vekt på å redusere negative verknadar som bortfall av statlege arbeidsplassar har for kommunar og arbeidsmarknadsregionar.  

Statlege arbeidsplassar skal fordelast på ein måte som bidrar til å utvikle robuste arbeidsmarknader i alle delar av landet. 

Fleire kompetansemiljø

Møre og Romsdal fylkeskommune understrekar at ei lokalisering i Kristiansund vil legge til rette for ei kostnadseffektiv oppgåveløysing for ombodet. 

I uttalen frå fylkesutvalet står det at Kristiansund har fleire relevante kompetansemiljø innan rådgiving, informasjon, forvaltning og kontroll som Pasient- og brukarombodet for Møre og Romsdal, Nav Arbeid og ytelser, Nasjonalt lønns- og regnskapssenter for Politiets Fellestjeneste, Skatteetatens nasjonale kompetansemiljø for MVA-refusjon for det offentlege, vil vere gjensidig styrkande for å bygge fagleg miljø, for rekruttering og effektiv oppgåveløysing. 

Det vert vidare peika på at rekruttering ikkje har vore utfordrande for desse miljøa, heller ikkje for oljeindustrien eller traineeordninga Kom Trainee. Campus Kristiansund vil også vere eit relevant utdannings- og kompetansemiljø for det nye nasjonale ombodet. 

Fylkesutvalet vil også be om eit møte med statsråden om saka.  

Kontakt