Vil løyve nær to millionar til omstilling frå båsfjøs til lausdrift
Bondeorganisasjonane fryktar at omstillinga til lausdrift fører til ein stor reduksjon i talet på mjølkeprodusentar. Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal vil hjelpe bøndene gjennom utfordringane.
Fylkeskommunedirektøren foreslår å løyve inntil 1,886 millionar kroner til eit prosjekt som skal gi råd om gunstige fjøsløysningar for bønder med båsfjøs som ønsker å bygge lausdriftsfjøs. Det er Landbruk Nordvest som på vegner av bondeorganisasjonane har søkt om midlar for å drive rådgiving for mjølkeprodusentar.
Kultur-, næring- og folkehelseutvalet skal behandle saka i sitt møte tysdag.
Bakgrunnen for saka er at forskrifta om hald avonnorc storfe er endra. Konsekvensen er at mjølkeprodusentar fram mot 2034 får ei rekke nye krav til driftsbygningane:
- I 2024 kjem krav om kalvingsbingar/omsorgsbingar for alle kyr
- I 2024 kjem krav om 16 veker utegang (beite/mosjon)
- I 2034 kjem krav om lausdrift for kyr
Landbruk Nordvest skriv i søknaden om tilskot til «Byggprosjekt Møre og Romsdal 2021-2023» at det i dag er cirka 630 mjølkeprodusentar i Møre og Romsdal, der over halvparten driver i båsfjøs som ikkje tilfredsstiller krav som inntreffer i 2024 og 2034.
Utviklinga i næringa gir grunn til bekymring. «Om antallet melkeprodusenter går ned vil konsekvensene være redusert melkeproduksjon i Møre og Romsdal og at jordbruksareal går ut av drift i fylket», skriv Landbruk Nordvest i sin søknad. Dei viser til tal som Samfunnsøkonomisk analyse har laga for Tine, der det går fram at mjølkeproduksjonen i fylket skaper 1.910 årsverk og ei årleg omsetning på 1,53 milliardar kroner. Årsverka fordelar seg på 740 mjølkebønder, 320 meieritilsette og at bøndene og meieria skaper ytterlegare 850 årsverk i fylket.
Fylkeskommunedirektøren er uroa for utviklinga i næringa og skriv i saksframlegget: «Mjølkeproduksjonen er ein viktig berebjelke i verdiskapinga i landbruket i Møre og Romsdal. Vi er avhengig av også dei små og mellomstore bruka for å oppretthalde mjølkeproduksjonen i fylket og halde jorda i hevd. Det er derfor viktig å støtte opp under dette prosjektet som kan bidra til at små og mellomstore bruk er betre forberedt på framtida og at fleire kan få hjelp til å kartlegge moglegheitene på sitt bruk.»
Tilrådinga om løyving er avgrensa til 49,1% av det totale kostnadsoverslaget på 3.839.000 kroner.