Vil samle kulturfunksjonar og arbeidsplassar i Kulturhamna
Fylkeskommunedirektøren vil bidra enda meir for å få Kulturhamna i Ålesund realisert. For å gjere prosjektet økonomisk berekraftig, foreslår han å samle om lag 100 fylkeskommunale arbeidsplassar, samt etablere nokre av kulturfunksjonane ved Ålesund videregående skole og eit kunstmuseum, på Sørsida.
Møre og Romsdal fylkeskommune leiger i dag lokale i Ålesund til administrative arbeidsplassar både i Olsvika, Kirkegata 10b og NMK. Fylkeskommunedirektøren ser, med erfaring frå F13 i Kristiansund, positive ringverknader av å samle fleire av dei administrative arbeidsplassane. Dette med omsyn til å bygge større og sterkare fagmiljø, danne felles kulturar og kunne rekruttere inn dyktige framtidige medarbeidarar.
Med planane som no føreligg, er det ifølge fylkeskommunedirektøren muleg å bygge ut Kulturhamna med om lag 23.000 kvadratmeter.
Hjartet av Sørsida
Kulturhamna er frå starten planlagd å vere hjartet av Sørsida i Ålesund, og skal bli ei levande hamn med kulturfunksjonar; eit konsentrert kraftsenter med både kultur- og undervisningstilbod og slik vere ei levande hamn både på vest- og austsida av sundet.
Møre og Romsdal fylkeskommune har aktivt støtta plana og har gjennom prosjektet «Byen som regional motor» dei siste åra vore med på å styrke attraktiviteten i Ålesund. For prosjekt tilknytt Kulturhamna er det løyvd om lag 7,65 millionar kroner i økonomisk støtte sidan 2017.
Aktuelle funksjonar
Ålesund kommune har i 2019 etablert utbyggingsselskapet Sørsida Utvikling AS, og Møre og Romsdal fylkeskommune har jamleg deltatt i samarbeidsmøte. Funksjonar som no vert vurdert som aktuelle på Kulturhamna, er:
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- Vidaregåande opplæring innan kulturrelaterte utdanningsområder, til dømes musikk, dans og drama
- Arbeidsplassar til tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune
- Ålesund kommune
- Kulturskole
- Bibliotek
- Innbyggartorg
- Da Vinci-rom
- Teatret Vårt
- VITI (Tidlegare Musea på Sunnmøre)
- Kunstmuseum eller meir moderne visningsarena for museum
- Arbeidsplassar til Interkommunalt Arkiv (IKA)
- Sørsida Utvikling AS
- Private kulturaktørar
- Restaurantar, kioskar, galleri, marknad, vassaktivitetar, etc
Føreset at Ålesund er med
Fylkeskommunedirektøren skriv at fylkeskommunen ønsker å vere ein viktig bidragsytar i å få realisert Kulturhamna, men at det føreset at også Ålesund kommune deltek med komplementære funksjonar inn i prosjektet.
Saka skal til politisk behandling i både kultur-, næring- og folkehelseutvalet og i utdannings- og kompetanseutvalet, som begge har møte måndag 8. november. Saka skal vidare til fylkesutvalet og fylkestinget.
Her er fylkeskommunedirektøren si innstilling:
- Fylkeskommunedirektøren tilrår at det vert etablert om lag 100 administrative fylkeskommunale arbeidsplassar på Kulturhamna
- Fylkeskommunedirektøren tilrår at kulturrelaterte funksjonar frå Ålesund vgs i storleiksorden 1.000-2.000 kvm. vert etablert på Kulturhamna gitt det vert etablert komplementære funksjonar som gjev meir berekraftige løysingar.
- Fylkeskommunedirektøren tilrår at det vert inngått intensjonsavtale med VITI om å etablere kunstmuseum på Kulturhamna