Vil sjekke interessa for ein solenergipark på Smøla

Møre og Romsdal fylkeskommune vil i nært samarbeid med Smøla kommune og energiselskapet Neas, kartlegge moglegheiter og interesse for ein større solenergipark på Smøla.

Skriv ut

Tanken er å greie ut moglegheita for å bygge solenergiparken i det same området som i si tid var Europas største landbaserte vindkraftanlegg. Vindturbinane er spreidd over eit 18 km2 stort areal på øya.

- Smøla er særleg interessant fordi vi kan utnytte den etablerte infrastrukturen i vindkraftanlegget. Her er det allereie bygd ut vegar og kraftnett for å betene 68 vindturbinar, så vi slepp å ta i bruk nye område for utbygging, seier Bengt Endreseth, leiar for Energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ein solenergipark vil gi arbeidsplassar både i etableringsfasen og når anlegget er over i driftsfasen.

Vil kartlegge

Fylkeskommunen ønsker å kartlegge følgande:

  • Finst det synergiar med dagens kraftnett/kraftproduksjon? Kan krafta samkøyrast over eksisterande nett ved hjelp av intelligente system?
  • Er grunneigarar og innbyggarar interesserte?
  • Kva for konsekvensar for miljøet får ei etablering i ein allereie eksisterande vindpark? Finst det andre område regulert for energiproduksjon?
  • Kva for ringverknader kan ein solenergipark få for næring og samfunn?
  • Er det rom for å utvikle Noregs største solenergipark på Smøla?

Tydelege mål i fylkesplana

Endreseth peikar på at Møre og Romsdal fylkeskommune i fylkesplanen har satt tydelege mål basert på auka produksjon frå fornybare energikjelder:

- Derfor har vi forplikta oss til å utgreie mogleg ny kraftproduksjon på Smøla. Vi treng meir grøn energi i det grøne taktskiftet, og sol er ein aktuell energikjelde som kan utnyttast. Fylkeskommunen har signalisert at vi vil bruke ressursar for ei innleiande kartlegging, og det vil vi gjere i tett samarbeid med både Smøla kommune og Neas, seier Endreseth.

Vindparken på Smøla, som blei opna av Kong Harald i 2002, produserer kraft tilsvarande forbruket til vel 14.000 einebustadar.

- Kor mykje strøm kan solenergiparken produsere?

- Det må kartleggast først, men det er snakk om eit vesentleg tilskot, og det synes å vere eit stort potensial på Smøla, seier Endreseth.

Han opplyser at fylkeskommunen har satt av midlar til å starte jobben med å kartlegge moglegheitene og gå i dialog med grunneigarar.

Smøla vil ha grønare fotavtrykk

Både Smøla kommune og energiselskapet Neas er positive til planane. Smøla-ordførar Svein Roksvåg seier at han ser på solenergi som ei heilt naturleg utvikling for vindenergikommunen Smøla.

- Vi i kommunen har snakka om at vi må utnytte solenergien meir. Vi har mange kommunale bygg, og vi må få eit grønare fotavtrykk på bygga våre, seier Roksvåg.

- Kvifor er Smøla positiv til å vere med på å kartlegge moglegheitene og interessa for ein solenergipark?

- Det er fleire grunnar til det. Den eine er kraftsituasjonen i Midt-Noreg, som er ein heit politisk potet. Vi må produsere meir kraft. Og når det gjeld solenergi, så ligg det godt til rette for det på Smøla: Vi har ikkje fjell som skjermar, vi har lys mens det er dagslys og vi har låg snitt-temperatur, som er viktig for produksjon av solenergi, seier Roksvåg.

Neas: Vi vil bidra

Også Knut Hansen, administrerande direktør i energiselskapet Neas, liker tanken om ein solenergipark på Smøla:

- Møre og Romsdal fylkeskommune har tatt rolla som berekraftfylket. Ein del av berekrafta er at vi treng meir energi. Då er det positivt at fylkeskommunen tar ansvaret på alvor og greier ut moglegheiter for å produsere meir kraft.

Neas-sjefen meiner fylket er godt orientert om at Smøla har gode moglegheiter, og at dei dermed spissar tiltaket mot ein kommune som både kan og vil bygge ut.

- Kvifor vil Neas vere med?

- Vi er ein interessent på Nordmøre. Dersom vi kan bidra til at det blir skapt meir energi og at det blir meir aktivitet i regionen vår, så er vi som energiselskap positive til å bidra saman med fylkeskommunen og Smøla kommune, seier Hansen.

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.