Vil støtte eit kvinneløft i marin næring
Sjømatnæringa har behov for arbeidskraft og ny kompetanse, både her og utanlands. NCE Blue Legasea vil derfor jobbe i lag med miljø i Europa for å gi kvinner innsikt i moglegheitene som finst i marine næringar.
Samrøystes vedtak i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet - 03.05.2023
1. Møre og Romsdal fylkeskommune gir NCE Blue Legasea eit tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond, på inntil 485 000 kroner til prosjektet «Kapasitetsbygging - kvinner i blå næringer».
2. Tilskotet er avgrensa til 46,9 prosent av det totale kostnadsoverslaget på 1 035 000 kroner.
3. For å få støtte frå fylkeskommunen, må prosjektet vere fullfinansiert.
Fylkeskommunedirektøren ønsker å støtte NCE Blue Legasea med inntil 485 000 kroner for deltaking i EU-prosjektet WIN-BIG (Women in blue economy intelligence gathering and capacity boosting). Forslaget skal behandlast i kultur-, næring- og folkehelseutvalet den 3. mai.
Bakgrunnen for prosjektet er utfordringar den marine næringa står ovanfor med klima- og naturkrise, uro i Europa og politisk uvisse. Å ha tilgang til nok og rett kompetanse er avgjerande i denne samanhengen, og det betyr blant anna at næringa i større grad må engasjere begge kjønn i alle delar av næringslivet.
Det overordna målet til prosjektet er å styrke rolla kvinner har i organisasjonar og samfunnet knytt til den blå økonomien, på tvers av ulike regionar i EU. Samtidig er det ønske om å avdekke kompetansegapa som hindrar kvinner å vurdere ein «blå karrierestige».
- Trusselbildet og sårbarheita vi står i forsterkar behovet for å fremme kvinners deltaking og moglegheiter i næringar som har ubalanse i kjønnsrepresentasjon. Mange av dei havbaserte næringane er mannsdominerte, og for å få den verdiskapinga i den blå økonomien som vi ønsker, må vi derfor involvere og ta i bruk kapasiteten og ferdigheitene til kvinner i enda større grad, seier Hilde Aspås, næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kvinneløftet
Ho meiner det kan gagne regionen vår å vere ein synleg premissgivar i arbeidet med å få fleire kvinner over i havbaserte næringar i Europa og styrke deira rolle.
Det skal NCE Blue Legasea få til gjennom å:
- invitere kvinnelege elevar frå vidaregåande skolar ut i bedriftene for å gje innsyn i ulike kompetanseområde. Tilrettelegge for at medlemsbedrifter i NCE Blue Legasea stiller ein dag kvar til disposisjon for studentar.
- bidra med å kartlegge og formidle erfaringar og resultat frå det internasjonale prosjektet via nettverket til NCE Blue Legasea.
- delta i nettverksaktivitetar og arrangement for å løfte fram erfaringar i vår region og kunnskap om kvinner i blå sektorar. Klynga skal bidra som mentor.
- bidra med kommunikasjon og formidling og arrangere nettverksarrangement i fylket.
Målgrupper vil vere kvinner frå 15 år og oppover, både under utdanning og yrkesaktive, kvinnelege gründerar og små og store bedrifter. Andre målgrupper er akademia og forskarmiljø, næringsaktørar, klynger og organisasjonar, myndigheiter regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
WIN-BIG-prosjektet er finansiert av European Maritime, Fisheries and Aquaculture Fund (EMFAF). Med søkelyset på likestilling, ønska dei europeiske partnerane eit samarbeid med norsk aktør.