Vinnarane kåra i novellekonkurransen

Til saman kom det inn 41 bidrag til novellekonkurransen Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerte i samarbeid med Bjørnsonfestivalen og Dei nynorske festspela i høve Bokåret 2019.

Skriv ut

Vinnarane vart kåra på Bjørnsonfestivalen, der juryleiar Marit Kaldhol las opp juryen sine grunngivingar for eit litteraturinteressert publikum.

– Utvalet av miljø og tema viser eit variert mangfald både i klassa for vaksne og mellom ungdom, seier juryleiar forfattar Marit Kaldhol. – Hos dei godt vaksne ser vi at ønsket om å formidle historie eller kulturkunnskap står sterkt. Likevel legg dei fleste handlinga til kvardagsmiljø vi kjenner frå samtida. Motet til å eksperimentere med form og å bryte realistiske grenser i litteraturen er klart mest til stades hos dei yngre skrivarane.

I ungdomsklassa 13 – 20 år vann Birgit Sæther Åsgård (18 år) med novella «Hundedager». På delt andreplass kom Oda Elise Åkre Grimstad (16 år) med novella «Dusjtankar» og Vilde Kristine Larsen (15 år) med novella «Til slutten».

I vaksenklassa vann Liv Osnes Dalbakken med novella «Mot kveld». På delt andreplass kom Jeanette Blikås med novella «Oppvåkning» og Karl Magnus Røsok med novella «Skrapeloddet».

Heider og ære

Dei to vinnarane i kvar klasse fekk kvart sitt festivalpass til Dei nynorske festspela og Bjørnsonfestivalen i 2019 og bokpakke frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Alle dei seks får den flunkande nye antologien Opptur. Litterært turfølge med tekstar av forfattarar frå Møre og Romsdal.

Skrivekonkurransen er del av Bok på veg, folkebiblioteka og fylkesbiblioteket sitt fellesprosjekt i Bokåret 2019.

Vinnarane

Juryen har følgjande grunngivingar for dei premierte novellene:

Ungdomsklasse:

1. plass: 'Hundedager' av Birgit Sæther Åsgård

Teksten Hundedager demonstrerer at å skape litteratur er å observere. Gjennom presise og detaljerte observasjonar tar forfattaren tak i eit kort augeblikk og utvidar og forstørrar det. Innanfor ramma av ei konsentrert handling – å drepe ei fluge – oppstår ein tydeleg dynamikk og ei utvikling fram mot det endelege drapet. Undervegs får lesaren ta del i både empati og tvil, samtidig som det nøkterne og stramt økonomiske språket likevel ikkje innbyr til sentimentalitet. 

Teksten er modig på fleire måtar. Først ved å stole på språket si evne til å vise fram  det observerte utan å kommentere eller forklare lesaren korleis teksten – eller hendinga – skal tolkast. Dermed ligg her også eit mot i forfattarens insistering på å utfordre lesaren, eller stole på at lesaren kan gjere si eiga tolking. Endeleg er teksten modig fordi han utfordrar novellesjangeren. På modernistisk vis som kan minne om Kafka, skildrar den korte teksten eit møte mellom eit menneske og ei fluge der spenninga ligg vel så mykje på det indre som på det ytre planet.

Juryen meiner at forteljinga har ein gjennomført komposisjon med sterkt visualiserande språkleg kraft, og med bilde som blir verande i lesaren lenge etter lesinga.

2. plass: 'Dusjtankar' av Oda Elise Åkre Grimstad

Teksten er fint konsentrert om éin situasjon, eit ungt menneske i dusjen. I eit tydeleg, men kjenslevart språk, avdekkjer teksten gradvis refleksjonar omkring foreldra si avgjerd om skilsmisse. Varmt og kaldt vatn vekslar som effektivt verkemiddel for å få fram tvil og håp midt ei eit vanskeleg eksistensielt val. Ein liten fugl dunkar mot ruta og gir hovudpersonen ny kraft og ei overraskande avslutning på novella. Gjennomført og stilsikker handtering av eit vesentleg tema mange unge vil kunne kjenne seg att i.

2. plass: 'Til slutten' av Vilde Kristine Larsen

I denne forteljinga opptrer realisme og fantastiske element saman på uproblematisk vis, noko som dermed styrkar tekstens ibuande autoritet. Eg-forteljarens møte med det bloddryppande gjenferdet med musefletter er detaljert skildra, og spenninga bygger seg gradvis opp via angst og forfølgjing til ein slutt med humoristisk snert. Ein god idé og gjennomført komposisjon der forfattaren avstår frå å forklare det uforklarlege og opnar for at lesaren får møte fiksjonen ukommentert.

Vaksenklasse:

1. plass: 'Mot kveld' av Liv Osnes Dalbakken

Frå første linje i novella Mot kveld får lesaren innblikk i ein relasjon mellom to menneske som står kvarandre nær. Like snart forstår lesaren at den eine er avhengig av hjelp medan den andre, eg-forteljaren, er pårørande. Gradvis avdekkjer teksten at det ikkje alltid har vore slik. Ved å vise fram enkle, utvalde detaljar og kvardagssituasjonar i overflateforteljinga, evnar forfattaren samtidig å formidle såre undertonar der sorg og tap kling med. Orda sorg eller demens er ikkje nemnte, likevel skjønar lesaren at det er det dette handlar om, og eit samliv eller ein relasjon som har tatt ei vending og går mot slutten.

Komposisjonen er gjennomført, tematisk konsentrert og balanserer fint mellom konkrete detaljar i overflateplanet og dei implisitte kjenslene som ligg under. Bruken av parallelle motiv som bilde på forfall i naturen, er forsiktig, men verknadsfull og godt integrert i heilskapen. Spenningsutviklinga ligg både i ytre hendingar og i den gradvise formidlinga av informasjon.

Teksten rører ved å føre lesaren nært innpå ein gjenkjenneleg menneskeleg relasjon, samtidig som det er ein styrke at relasjonen ikkje er nærare definert, om det er eit ektepar, eit søskenpar eller barn og forelder. Ei uventa rørsle, ein uventa lyd på slutten gjenopprettar for eit augeblikk på meisterleg vis relasjonen slik han – kanskje - eingong var.

Forfattaren viser at ho har godt grep om handverket og verkemidla, og evnar å formidle innhaldet sitt slik at det kjennest vesentleg for lesaren.

2. plass: 'Oppvåkning' av Jeanette Blikås

Ei lita jente med omsorgsbehov ringer på døra og slår slik ein kile inn i samlivet til eit veletablert ektepar. Ved hjelp av veksling mellom tilbakeblikk og episodar i notidsplanet utviklar teksten dilemmaet og dei to ulike syna på kva som er «vår sak». På eit overordna plan kan ein lese temaet inn i diskusjonen om å ta sosialt ansvar for menneske med behov for hjelp, eller å snu seg vekk og ha nok med eige liv. Med enkle språklege verkemiddel og til dels såre undertonar viser teksten fram kor ulike han og ho i paret er. Lesaren følgjer den kvinnelege eg-forteljaren sitt aukande medvit og oppvakning til å sjå situasjonen og samlivet med eit sjølvstendig blikk.     

2. plass: 'Skrapeloddet' av Karl Magnus Røsok

Forteljinga om den eldre Johannes som lever eit særs nøysamt liv, er formidla i eit detaljrikt språk og konsentrert om ein i utgansgspunktet vanleg fredagskveld der seremonien med skrapeloddet og langsame Derrick er faste innslag. Komposisjonen er gjennomført samtidig som lesaren får innblikk i ein livsstil og tankegang som ikkje er av dei mest moderne. Krisa for Johannes oppstår då han forstår at han har vunne ein større pengepremie. Løysinga er eit svar som taler til heile forbrukssamfunnet, og som kanskje likevel viser seg å vere meir framtidsretta og berekraftig enn jakta på pengar som det einaste som gjer «livet verd å leve».

Kontakt