Viser fram reiselivskonsept i Valldal og Geiranger for europeisk ungdom

Utfordringa for unge vaksne i deira heimland er å finne relevant arbeid. No skal dei lære av reiselivet i Fjord og Stranda.

Skriv ut

25 ungdom frå Kypros, Kroatia, Hellas, Italia, Portugal, Estland og Spania kjem denne veka på studietur til Møre og Romsdal for å få idear og inspirasjon til korleis dei kan etablere eigen grøn arbeidsplass i heimlandet.

Temaet for studieturen er bærekraftig reiseliv. 

- I løpet av tre dagar skal vi vise fram nokre av dei beste reiselivskonsepta i Valldal og Geiranger, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Arne Håkon Sandnes. Sandnes er prosjektleiar for EØS-prosjektet YENESIS.

Ungdommane, som er i alderen 23-30 år, kjem frå øysamfunn i Europa, der utfordringa for unge vaksne er å finne relevant arbeid med utgangspunkt i eiga utdanning. 

Samlinga blir avslutta med ein heildags workshop hos Åkp. Denne dagen skal dei arbeide med å konkretisere og vidareutvikle idéar dei har fått i løpet av dei to dagane i Valldal og Geiranger.

Målet til YENESIS er at dei unge etter endt program enten skal ha fått seg relevant arbeid, eller starta eiga verksemd med spesiell fokus på berekraft og det grøne skiftet. 

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt