Viste fram premiert løysing for toppleiarane i fylket

Ungdomsbedrifta Dignity viste fram den premierte innovative løysinga si for toppleiarane i fylket. Dagleg leiar Nelly Sofie Bolli håpar at presentasjonen skal resultere i at løysinga blir tatt i bruk.

Skriv ut

Det var torsdag under Nyttårskonferansen 2022 at dei fem elevane frå Romsdal vidaregåande skole, innovasjon og leiing, presenterte kva dei har utvikla og er premiert for. Under fylkesmesterskapet for ungdomsbedrifter på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund i mars, vann dei berekraftprisen.

No skal dei saman med tre andre ungdomsbedrifter representere Møre og Romsdal i NM Ungdomsbedrifter 2022.

Dignity UB vil gjennom nye samarbeidsformer mellom ulike samfunnsaktørar opne for å skape verdifull tid mellom menneske som yter og mottar omsorg. Fokuset er å ivareta felles livskvalitet for å skape verdigheit i livet. Løysinga skal gi ei trippel gevinst for samfunnet.

Du kan lese meir om løysinga her.

Stas å bli tatt seriøst

Etter presentasjonen for deltakarane på Nyttårskonferansen, ar dagleg leiar Nelly Sofie Bolli full av forventningar:

- Det er sjølvsagt veldig stas at vi som ungdomsbedrift blir tatt så seriøst og får komme her på Nyttårskonferansen og presentere oss. Vi veit at det er mange viktige personar i dette rommet. Det at vi faktisk får komme og fortelje om vår ide, og kanskje utvikle det til vidare kontakt, det er noko eg trur både vi og dei kan dra nytte av.

- Har du tru på at leiarane vil ta i bruk løysinga deira?

- Vi håper sjølvsagt det.

Tatt i mot med opne armar

Ho seier at dei har blitt veldig overraska over kor godt dei har blitt tatt i mot i næringslivet:

- I starten tenkte vi at «Vi er no berre ungdomar, og det er ikkje så sikkert at dei tar oss seriøst», men alle har tatt i mot oss med opne armar og vil bidra til at vi skal kunne vidareutvikle ideen vår på ein best mogleg måte, seier ho.

Nyttårskonferansen 2022 blei arrangert onsdag og torsdag i førre veke, og hadde tre hovudtema: Berekraft, utanforskap og digitalisering. Under temaet utanforskap, og programpunktet «Ung deltaking – unge som ressurs i samfunnsutvikling» fekk ungdomane frå Dignity UB presentere løysinga si.

 

Les også: Årets regionbyggar 2021: Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal