Volda kommune får nærare ein million kroner til å vitalisere hamna og sjøfronten
Midlane skal bidra til å skape fleire attraksjonar og meir aktivitet i sentrum.
Det var kultur-, næring- og folkehelseutvalet som løyvde tilskotet frå Tettstadprogrammet den 26. oktober.
Gjennom Tettstadprogrammet bidrar fylkeskommunen med tilskot og rådgiving for å utvikle levande og attraktive kommunesentra, i lag med kommunane.
Midlane skal brukast til å opparbeide opphaldsareal både ned mot elveutløpet og oppe på moloen i Volda sentrum. Kommunen vil etablere amfi ved bruk av natursteinsmuring slik det er gjort på innsida av moloen. Oppe på moloen vil det bli sitteplasser, sykkelparkering og blomsterkasser og eit sørvisbygg som skal innehalde vaskerom, tørkerom, HWC, WC og dusj.
Meir trivsel i sentrum
Tiltaka er i tråd med utviklingsplanen som Volda kommune laga i 2015 for sentrum. I denne er sjøfronten med hamna og moloen peika ut som eit viktig byrom. Her inngår også parken ved utløpet av Øyraelva. Tilskotet skal dekke ein tredjedel av totalkostnaden.