Regional planstrategi 2020 - 2024

Ny regional planstrategi for Møre og Romsdal 2020 – 2021 er no lagt ut på høyring. 
Høyringsfristen er 25. mars 2020. 

RPS er eit overordna lovpålagt dokument som skal prioritere planoppgåver for Møre og Romsdal i åra 2021-2024. 
Plan og bygningslova (PBL) slår fast at regionale statsetatar og kommunar skal legge RPS til grunn i sitt planarbeid og si verksemd. 

Fylkesutvalet vedtok i juni 2019 planprogram for oppstart av RPS og fylkesplan 2020 – 2024 (U- 44/19). 
Vi takkar for gode innspel til dette. Link til høyringssvara ligg som vedlegg i RPS-dokumentet.

Regional planstrategi for Møre og Romsdal (RPS) er forankra i Agenda 2030, og FN sine 17 berekraftsmål. 
Dokumentet er organisert etter dei tre berekraftsdimensjonane: miljømessig-, sosial- og kulturell- og økonomisk berekraft.  

Vi har eit ønske om at høyringspartane vurderer: 

  • Om måla treff med tanke på dei viktigaste moglegheitene og utfordringane samfunnet Møre og Romsdal har i den komande 10-årsperioden?
  • Om det er vesentlege utfordringar og/eller moglegheiter vi ikkje har klart å fange opp i den regionale planstrategien?
  • Om forenklingane i plansystemet er logiske, forståelege og nyttige?
  • Om det er ytterlegare tema der det er behov for planer/strategiar på regionalt nivå?

Slik sender du inn:

Vi vi helst ha svar digitalt via organisasjonsnummer og Svar ut. Vi ber derfor dei som har denne moglegheita om å bruke den. 

Du kan også bruke e-postadressa  post@mrfylke.no 

Vår gateadresse er: 

Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeshuset
6404 Molde 
 

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt