Sjekkliste for UNG kunst og kultur

“Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida” (Meld. St. 8, 2018-2019) seier at kulturlivet er ein viktig føresetnad for ei opplyst offentlegheit, og ei investering i demokrati og danning. For å oppnå dette, må alle barn og unge ha tilgang til eit mangfald av kunst- og kulturopplevingar av høg kvalitet. I samarbeid med kommunane Kristiansund, Sunndal og Vestnes har Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd ei “Sjekkliste for UNG kunst og kultur”. Lista har ti sjekkpunkt som kan brukast som utgangspunkt for evaluering og kvalitetssikring av det offentlege sitt arbeid med kunst og kultur for, med og av barn og unge. Sjekklista vil ligge til grunn for utarbeiding av fylkeskommunen si temaplan for UNG kunst og kultur.

Fylkesrådmannen vil legge til rette for involvering og medverknad i fleire ledd av prosessen med å utarbeide temaplan, no i første omgang med ei høyringsrunde for “Sjekkliste for UNG kunst og kultur”. Fylkesrådmannen ønsker innspel på sjekklista som verktøy for evaluering og grunnlag for vidareutvikling av tilbodet til barn og unge, med særleg vekt på relevansen av dei ti punkta:

  • Er punkta relevante og dekkande? Kvifor? Kvifor ikkje? 
  • Korleis ei slik sjekkliste konkret kan brukast som utgangspunkt for planarbeid? 

Send innspel:

Send innspel på e-post til post@mrfylke.no. Innspela må merkast med “Høyring sjekkliste for UNG kunst og kultur”

Dokumenter

Kontakt