Informasjon for næringsliv

Gjennom BIO-ordninga kan bedrifter i Møre og Romsdal, uavhengig av bransje, søke støtte til kompetanseheving. Les meir om BIO-ordningane under Tilskot, prisar og stipend.

NB – før du søker BIO-midlar, sjå oversikta over kurs som allereie blir tilbudt.

Gratis kurs støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune

ÅKP og Mafoss

ÅKP og Mafoss tilby kurs innafor tema som strategi og leiing, teknologi, produksjon, nye forretningsmodellar og innovasjon og produktutvikling. Her finn du meir informasjon om tilboda.

Høgskolen i Molde og Møreforsking

Møreforsking og Høgskolen i Molde tilbyr kurs innanfor tema; Logistikk og risikostyring, Innovasjon og entreprenørskap, Logistikk for adaptiv produksjon ved bruk av 3D-printingteknologier og Grønn omstilling i handel, service og reiseliv. Her finn du meir informasjon om tilboda. Her finn du meir informasjon om tilboda.  

Sunnmøre kulturnæringshage

Sunnmøre Kulturnæringshage AS tilbyr 28 gratis kompetansehevande kurs på nett for dei kreative næringane i heile Møre og Romsdal. Sjå meir på informasjon om kursa her.

hoppid.no

Gründertenesta hoppid.no tilbyr gratis online kursprogram for deg som vil starte, eller nyleg har starta bedrift. Kursdeltakarane får individuell oppfølging mellom samlingane. Her finn du oversikta over kursa.

Destinasjonselskapa, reiseliv

Destinasjonsselskapa i Møre og Romsdal har utvikla ein nettportal med ei rekke kompetansehevande kurs for tilsette i opplevingsnæringane (reiseliv, mat og kultur). Her finn du meir informasjon om tilboda.

Andre gratis kurs

Kompetanse Norge

Kompetanse Norge har gitt støtte til ei rekke digitale utdanningstilbod på alle utdanningsnivå. Målet er at dei som er arbeidsledige eller permittert raskt skal kunne komme i gang med arbeidslivsrelevant kompetanseutvikling. Sjå alle tilboda på Kompetanse Norge sine sider.

Delingsdugnaden

NHO og store selskap som Telenor, DNB, Posten og NorgesGruppen har gått saman om ein dugnad for kompetansepåfyll til permitterte og arbeidsledige. Her kan permitterte og arbeidsledige få tilgang til gratis digital kompetanseheving. Her finn du meir informasjon om tilboda.

Folkeuniversitetet

Folkeuniversitetet tilbyr gratis nettbaserte tilbod retta mot tilsette i detalj- og faghandel, reiseliv og frisøbransjen. Sjå meir på Folkeuniversitetet sine sider.

Innovasjon Norge har fått tilført 4,7 milliardar kroner i ekstra tilskots- og lånerammer i krisepakka som vart vedtatt av Stortinget rett før påske. Midlane skal gå til utviklingsprosjekt i innovative oppstartsbedrifter, små og mellomstore bedrifter og vekstbedrifter i heile landet.

Les meir på Innovasjon Norge sine nettsider.

Det er viktig for Innovasjon Norge  å få informasjon om kva utfordringar bedrifter møter som følge av koronakrisa, og dei ber derfor bedrifter ta kontakt på tlf 22 00 25 00 eller mail.  Ta kontakt her.

I samband med koronasituasjonen, har fleire eksisterande ordningar fått påfyll av rammene, og krav om eigenfinansiering er redusert. Dette er ordningar bedrifter kan søke på:

Snarvegar