Informasjon om kollektivtrafikk

Rutetilbudet for kollektivtrafikken er redusert som følge av koronasituasjonen. Dersom du kan, bør du unngå å reise kollektivt i dei travlaste periodane. 

Vi takkar passasjerane våre for at de forstår situasjonen og for at de viser omsyn på reisa.

Skal du ut å reise?

Du finn oppdatert rutetilbod (buss, båt og ferje) og kva tiltak som er sett inn på frammr.no

Dette er nokre av tiltaka:

  • Ingen kontantbetaling (bruk kort/app/SMS)
  • Vis omsyn til andre: Ikkje reis kollektivt hvis du er sjuk eller kan vere smitta
  • Hugs god hoste- og handhygiene

Frå 8. juni går skoleskyssen som normalt.

Dette må du passe på som passasjer:

  • Dersom du er sjuk eller kan vere smitta skal du ikkje reise med kollektivtrafikk
  • Ikkje reis dersom du ikkje må - bruk sykkel eller gå dersom du kan. Å bli køyrd av foreldre er ei anna løysing.
  • Vis omsyn og hald anbefalt avstand på ein meter.
  • Elevar må vaske hender når dei kjem til skolen og når dei kjem heim.

Les meir på retningslinje for operatørar og skolar i FRAM-området

Framdørene på bussane blir stengt

Framdørene på bussane til FRAM er no stengde for å skåne sjåførane frå smittefare ved direkte kundekontakt. Reisande må derfor bruke bakdør ved på- og avstiging.

Stengde framdører betyr ikkje at passasjerar kan reise gratis.

Tilgjengelege betalingskanalar er:

  • Reisekort med gyldig periodebillett.
  • Mobilappen FRAM for enkeltbillettar, gruppebillettar, dagsbillettar og periodebillettar.
  • Du kan kjøpe billett hos trafikkterminalane i Kristiansund, Molde og på Moa. 

Gyldige betalingsmiddel er:

  • Mobilappen FRAM med aktivert enkeltbillett eller gyldig periodebillett
  • Reisekort med gyldig periodebillett
  • Betaling via SMS

Slutt på kontantar

Frå fredag 13. mars kan ikkje dei reisande betale med kontantar på bussar. 

Bussar og reinhald

Bussane blir vaska fleire gongar om dagen og vi har særleg fokus på kontaktflater som handtak, setebelte og stoppknappar. Vi køyrer ikkje avgangar med meir enn 50 prosent kapasitet, slik at reisande kan vere minst ein meter frå kvarandre. Det er fortsatt mange som treng kollektivtrafikk for å komme seg fram. Derfor er det viktig at alle som reiser viser omsyn og følger råda frå helsemyndigheitene.  

Slutt på kontantbetaling

FRAM ønsker å redusere faren for smitte av sjukdom og ber reisande å bruke FRAM-appen, periodebillettar, reisekort eller vanleg bankkort.

Ikkje manuell betaling frå fylkesvegferjene

Billettørane tar ikkje manuell betaling på fylkesvegferjene. Dette gjeld inntil vidare. 

6. april blei billettering ved skiltgjenkjenning og nye prisar for ferje innført. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare.

Vi oppmodar deg til å bli sittande i køyretøyet under overfarten.

Snarvegar