Informasjon til kulturfeltet

Koronapandemien i Noreg gir store konsekvensar for kultursektoren. Møre og Romsdal fylkeskommune vil støtte opp om og medverke til at kultur- og fritidsaktivitet kan takast opp att når forbodet mot kultur- og idrettsarrangement blir oppheva.

Utfordringane gjeld alle område innanfor kunst, kultur, idrett, frivilligheit, friluftsliv og folkehelse.

Du finn oversikt over dei ulike tiltakspakkane som du kan søke på, under tilskot, prisar og stipend

Møre og Romsdal fylkeskommune vil legge til rette for å dempe dei økonomiske og driftsmessige konsekvensane koronapandemien og styresmaktene sine råd og pålegg har for sektoren.

Fylkeskommunen har sett i verk følgande tiltak:

Driftstilskot for 2020

Alle aktørar som har fått tildelt driftstilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune for 2020, vil få utbetalt tilskotet i tråd med vedtak gjort av kultur-, næring- og folkehelseutvalet i februar og mars 2020.

Det blir ingen avkortingar i driftstilskotet for 2020.

Vi føresett at det blir gjort nødvendige tiltak for å avgrense kostnadane i drifta.

Prosjekttilskot og arrangementsstøtte for 2020

Behandling av søknader og utbetaling av tilskot går som normalt og etter oppsett plan. Oversikt over tilskotsordningar finn du her  

For prosjekt eller arrangement som blir avlyst som følgje av koronaepidemien, vil vi ikkje trekke tilbake midlar som er brukt til å planlegge desse. Fylkeskommunen føreset at det det blir gjort nødvendige tiltak for å avgrense kostnadane og at desse kostnadane kan dokumenterast. Dette gjeld så lenge forbodet om kultur- og idrettsarrangement er gjeldande.

Fylkeskommunen vil innvilge utsetting av prosjekt og arrangement, etter nærmare avtale med den enkelte tilskotsmottakar. For tildelingar gjort innanfor følgande ordningar, er det føresett at tiltak som har fått støtte blir gjennomført innan utgangen av 2020:

  • Konsertstøtte
  • Møremusikarteneste faste
  • Møremusikarteneste frilans
  • Tilskot til frivillig verksemd

Vi føresett informasjon om tentativ ny gjennomføringsperiode. Dette blir å sende post@mrfylke.no, merk e-post med namn på prosjekt/arrangement og tilskotsmottakar.

Tilskot skal brukast i tråd med føremålet. Vi viser til tilskotsbrev og dei retningslinjer som ligg til grunn for den enkelte ordning. Informasjon om tilskotsordningar og retningslinjer finn du her

Ved tvil, ta kontakt med saksbehandlar for ei konkret vurdering.   

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2020

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet blir tildelt av kultur-, næring- og folkehelseutvalet i juni 2020. Det vil vere mogleg å be om utbetaling av tildelt tilskot når vedtak er gjort av utvalet.

Stipend 2020

Idrettsstipenda og kunstnarstipenda vil bli tildelt i juni 2020, som planlagt. 

Friluftsliv

Tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområde er fordelt, og blir utbetalt straks søkaren ber om dette. 

For tilskot til friluftsaktivitet (kap. 1420, post 78) vil vi oppmode organisasjonane om å tilpasse tiltaka til råda frå helsemyndigheitene. Det er samtidig viktig at tiltaka framleis er i tråd med formålet. Midlane kan ikkje nyttast til andre arrangement enn det omsøkte tiltaket som har fått tilskot. 

Nye tilskotsordningar/tiltak

Det er lyst ut tilsaman 22 millionar til kulturfeltet, med søknadsfristar 15.mai/1. juni. Oversikt over ordningane finn du under Prisar, tilskot og stipend. 

Endring i eksisterande ordningar

Det er per i dag ikkje gjort vedtak om endringar i eksisterande ordningar.

Meir informasjon om tilskotsordningane våre finn du her 

Nasjonale tiltak

Oversikt over nasjonale myndigheiter sine tiltak finn de på regjeringen.no, koronasituasjonen og nasjonale tiltak  - https://www.regjeringen.no/no/tema/koronavirus/nasjonale-tiltak/id2693684/

Kulturrådet sine tiltak

Oversikt over Kulturrådet sine ordningar finn de her - https://www.kulturradet.no/korona

Frivillige lag og organisasjonar kan søke momskompensasjon

Frivillige lag og organisasjonar søke om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som skal fordele 1,685 milliardar kroner i momskompensasjon.

Søknadsfristen er 1.september, men fleire lag og organisasjonar må sende søknad via sentralleddet som ofte har frist tidlegare. Hugs at alle som søkjer må vere registrert i Frivilligregisteret.

Søknadsskjema og meir om ordninga finn du på www.lottstift.no

Informasjon og råd

Det skjer fortløpande endringar av tiltak som blir sett i verk. Hald deg oppdatert om situasjonen:

Informasjon og råd til befolkninga finn du på Folkehelseinstituttet (FHI) si nettside og på Helsedirektoratet (helsenorge.no) si nettside.

Informasjon frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Informasjon om lokale tiltak finn du på kommunane sine nettsider.

Informasjon til organisasjonar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet

Her finn du ulike rettleiarar for frivillige lag og organisasjonar.

Informasjon til biblioteka

Her finn du korona-informasjon frå Nasjonalbiblioteket.

Nettstaden har oppdatert informasjon om tiltak frå Nasjonalbiblioteket knytt til koronasituasjonen.    

Norsk bibliotekforening og Bibliotekarforbundet har utarbeidd ein smittevernrettleiar for bibliotek.

Her finn du råd og rettleiing om korleis biblioteket gradvis og kontrollert kan opne opp for tenester. Rettleiaren er utarbeidd med bakgrunn i generelle smittevernreglar, samt informasjon frå offisielle nettsider som FHI, Helsedirektoratet, Arbeidstilsynet og frå fleire ressurspersonar i biblioteksektoren.

Psykisk helse

Det er også viktig at vi tek vare på befolkninga si psykiske helse i denne perioden kor mange er i heimekarantene og kor mykje er usikkert.

Her er nokre aktuelle nettsider:

Helsenorge - psykisk helse barn og unge
Helsenorge - informasjon for barn og gravide
Ung.no
Psykisk helse - hverdagsglede

Informasjon til frivillige organisasjonar

I samanheng med korona-situasjonen kan kommunar ha behov for ulik type bistand frå frivillige organisasjonar. Helsedirektoratet har laga ein kort rettleiar om rolla til frivillige organisasjonar i arbeidet med korona. Frivillige organisasjonar skal få ei klar bestilling frå kommunen om tenesta som skal verte utført. Les meir om krav til dei frivillige organisasjonane i denne typen arbeid på Helsedirektoratet sin rettleiar.

Frivillighet Norge er ein paraplyorganisasjon for mange frivillige organisasjonar i Noreg og mottek tilskot som ein del av folkehelseprogrammet. Saman med KS har Frivillighet Norge utarbeidd 8 praktiske råd om samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Desse råda omfattar fleire typar organisasjonar og supplerer dei som er skildra i lenka frå Helsedirektoratet. Les meir om samarbeidet mellom kommunar og frivillige lag og organisasjonar under koronavirus-situasjonen på Frivillighet Norge sine heimesider.

Sjå elles lenkar til mellom anna smittevernrettleiarar lenger oppe i teksten.  

Førebygging av smitte

Det er svært viktig at kommunar er bevisste på kva anbefalingar helsemyndigheitene gir i samanheng med arrangement og nærkontakt for å forebygge smitte. Dersom kommunen skal inngå samarbeid med frivillige, må kommunen vere oppdatert på slike anbefalingar. Du kan lese meir om dette på Helsedirektoratet sine nettsider.

Kontaktpersonar i kulturavdelinga

Nedanfor funn du ei oversikt over kontaktpersonar i kulturavdelinga som kan hjelpe deg innanfor dei ulike fagfelta, også om du har spørsmål om dei ulike nasjonale tiltaka.  

Bibliotek og litteraturformidling

Rådgivar One Marthe Jostad Vik, telefon: 71 28 05 07, e-post: one.marthe.jostad.vik@mrfylke.no

Den kulturelle skulesekken Møre og Romsdal

Rådgivar Camilla Wiik, telefon: 71 28 03 09 / 906 74 399, epost: camilla.wiik@mrfylke.no

Folkehelse

Rådgivar Sigri J Spjelkavik, telefon: 71 28 03 04 / 953 38 348, e-post: sigri.j.spjelkavik@mrfylke.no

Friluftsliv

Rådgivar Petter Jenset, telefon: 71 28 03 05 / 922 34 244, e-post: petter.jenset@mrfylke.no

Frivilligheit

Rådgivar Anna Lianes, telefon: 71 28 03 07 / 992 98 395, e-post: anna.lianes@mrfylke.no

Idrett og fysisk aktivitet

Rådgivar Hans Roger Tømmervold, telefon: 71 28 03 19 / 994 59 400, e-post: hans.roger.tommervold@mrfylke.no

Kulturarv

Rådgivar Anna Eline Eneberg, telefon: 71 28 02 94, e-post: anna.eline.eneberg@mrfylke.no

Kulturell og kreativ næring

Rådgivar Elin Kanck Lorentzen, telefon 990 27 502, e-post: elin.kanck.lorentzen@mrfylke.no

Kunst og kultur

Rådgivar Camilla Wiik, telefon: 71 28 03 09 / 906 74 399, e-post: camilla.wiik@mrfylke.no

Ung Kultur Møtes (UKM)

Rådgivar Elin Kanck Lorentzen, telefon 990 27 502, e-post: elin.kanck.lorentzen@mrfylke.no

Har du spørsmål til tildelte tilskot, kontakt saksbehandlar. Kven som er saksbehandlar, går fram av tilskotsbrevet du har fått tilsendt. 

  • Alle førestillingar i Den kulturelle skulesekken Møre og Romsdal er avlyst ut skuleåret 2019/2020.
  • Alle musikartenester er avlyst til om og med15. juni 
  • Alle litteraturformidlingsturnear til barnehagar og vaksne i folkebiblioteka er avlyst fram til sommaren