Informasjon til tannlegar som driv privat praksis - oppdatert 3.4

Her er følger beredskapstiltak og behandlingsprosedyrer i den offentlige tannhelsetenesta.

Fire beredskapsklinikkar

  • Det blir gitt tilbod om akutt tannbehandling (akutte orale infeksjonar og dentale traume) ved 4 beredskapsklinikkar i kvar av kompetanseregionane (tannhelsedistrikt):
    • Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
    • St. Carolus kompetanseklinikk Molde, tlf. 71 28 46 20
    • Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
    • Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70.

Påskeberedskap

  • For å ta høgde for eventuell auke i behovet for akutt tannbehandling i påska, vil det vere beredskapsvakt med bemanning ved beredskapsklinikkane mellom kl. 10 og kl. 14 alle dagar frå skjærtorsdag til og med 2. påskedag. NB Beredskapsvakt skal kontaktast på telefonnummer som er oppgitt for beredskapsklinikkane.

Samarbeid med private tannlegar

  • Smittevernutstyr er pr. dato ei utfordring både for offentleg og privat tannhelseteneste. Fylkestannlegen har levert bestilling til Fylkesmannen som koordinerer vidare oppfølging ovanfor Helsedirektoratet. Fylkestannlegens bestilling tar høgde for eit estimert behov for verneutstyr både for offentleg og privat tannhelseteneste. 
  • Det akutte behandlingstilbodet til smitta pasientar ved dei fire beredskpasklinikkane vil gjelde for heile befolkninga i tråd med helsedirektoratet si anmodning og inntil noko anna er bestemt. Behandlingstilbodet er ikkje meint å erstatte privat tannhelseteneste. Friske, ikkje smitta pasientar, som treng akuttbehandling må henvende seg til sin faste tannklinikk.
  • Private som ikkje har verneutstyr for behandling av eigne smitta pasientar kan ta kontakt med nærmaste beredskapsklinikk for å avklare behandling og vidare oppfølging. Det presiserast at all akuttbehandling og henvisning til berdskapsklinikkane av smitta pasientar, bare skal skje dersom det er heilt nødvendig, og vere begrensa til eit minimum. Oppdatert 26.3.2020: Dersom det er mistanke om at pasienten har smitte, skal den henvisande tannlegen anmode pasienten om å teste seg før behandling.
  • Vi har fått tilbakemelding frå lokallagsleiarane i NTF at det er fleire tannlegar som ønsker å vere tilgjengelig for å bidra på beredskapsklinikkane dersom dette skulle vise seg å bli nødvendig. Vi er takknemleg for at private tannleger ønskjer å stille opp saman med den offentlege tannhesetenesta slik at vi saman kan komme gjennom denne krevjande tida på ein trygg måte for pasientane. 

Alle andre offentlege tannklinkkar er stengde for pasientbehandling

  • Det skal framleis vere avgrensa bemanning på desse klinikkane. I perioden utan pasientbehandling skal personellet sørge for å svare på telefonar/førespurnad og avgjere om det gjeld akutte behandlingsbehov som i så fall skal gjennomførast på beredskapsklinikk.

Bemanningsplanar

  • Det er laga bemanningsplanar for bemanning både på beredskapsklinikkane og dei andre klinikkane som gjeld frå måndag 16. mars.

Behandlingsprinsipp

  • For behandling av akutte orale infeksjoner og alvorlige dentale traumer ved beredskapsklinikkene gjelder:
    • Kun nødvendig akutt behandling skal gjennomførast også på friske pasientar.
    • Dette betyr at det er akutte smerter og alvorlege traume som skal behandlast
    • Tapte fyllingar som gir smerter skal behandlast med midlertidige fyllingar.
    • Behandlinga skal i så liten grad som mogleg produsere aerosol partiklar, det vil seie at vi ikkje brukar turbinar og andre roterande instrument med vasskjøling.
    • Det skal heller ikkje brukast scalere med vannkjøling
    • Bruk treveissprøyter med forsiktighet 

Verneutstyrsregime ved beredskapsklinikkane:

  • I behandling av friske pasientar skal det brukast det same verneutstyret, i tillegg til augevern, som vi vanlegvis brukar under normale forhold.
  • Når det gjeld kjente smitteberarar, eller personar som vi mistenker kan vere smitta og som treng akutt behandling, bruk overtrekksutstyr/plastforkle som dekker klinikkleda, augevern/øyebeskyttelse og hette/lue. Andre smittevernfaglege råd finn de her.

Hygieneprosedyrar ved behandling av akuttpasientar på beredskapsklinikkane

Kvar av dei fire beredskapsklinikkane har prosedyrar rundt mottak, behandling og avfallshandtering i forbindelse med behandling av kjente smitteberarar eller personar som vi mistenker kan vere smitta.

Helsedirektoratets faglege anbefalingar til tannhelsetenesta

https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/kommunehelsetjenesten-og-tannhelsetjenesten/tannhelsetjenesten