Informasjon til tannlegar som driv privat praksis (oppdatert november 2020)

Klinikkane er opna for ordinær tannbehandling

Alle dei offentlege tannklinikkane i fylket er opna for pasientbehandling, men dei kan med kort varsel bli stengde i samband med lokale smitteutbrot. Tilrådingane frå Helsedirektoratet inneber at tilbodet om akuttbehandling av personar som er smitta, eller mistenkt smitta av koronaviruset blir administrert av fire beredskapsklinikkar i fylket.

Antatt friske pasientar skal behandlast under basalt smittevern, samt med forsterka smittevernråd (FHI) for å redusere risiko for smitteoverføring av covid-19. Dei vanlege basale smittevernrutinane inneber bruk av kirurgisk munnbind type 2 eller 2R, visir eller beskyttelsesbriller. Dei forsterka smittevernråda er: 

  • Før tannbehandling bør pasienten skylje munnen med 1 % hydrogenperoksid (H2O2) i minst 1 minutt. Skyljevæska spyttast i glass og tømmast forsiktig i vask. 
  • Aerosolgenererande prosedyrar som bruk av turbin, hand- og vinkelstykke og treveissprøyte bør minimerast. Ultralyd, airscalar og airflow bør ikkje benyttast. Dersom aerosolgenererande prosedyrar er naudsynt, benytt vakumsug og kofferdam der det er mogleg. Kofferdam settast på før behandlingen startar. 
  • Tannlegar bør jobbe med assistanse av tannhelsesekretær, inkludert firehendig teknikk ved kliniske prosedyrar. 

Pasientar med behov for tannhelsehjelp

Alle dei offentlege klinikkane har sidan veke 20 vore opna, men framleis gjeld at ingen pasientar eller følgepersonar skal møte opp på klinikken utan avtale på førehand. Har pasienten forkjølingssymptom og/eller feber skal tannbehandling utsettast. Hovudregelen er at behandlinga blir utsett til pasienten er frisk. Pasientar kan berre ha følgje av ein person, som også må klarerast med tanke på smittestatus.

I forkant av undersøking og behandling må smittestatusen vurderast, og pasientane skal så langt det er praktisk mogleg bli ringt opp dagen før timeavtalen. For kartlegging av smittestatus før besøk på tannklinikken skal Helsedirektoratets skjema «Kartlegging av smittestatus før besøk på tannklinikken» nyttast.  

Oversikt over dei offentlege tannklinikkane er tilgjengeleg her 

Fire beredskapsklinikkar

Det akutte behandlingstilbodet til smitta pasientar som er administrert av fire beredskpasklinikkar, vil gjelde for heile befolkninga i tråd med helsedirektoratet si anmodning og inntil noko anna er bestemt. Dette behandlingstilbodet omfattar behandlling som ikkje kan utsettast p.g.a. fare for liv og helse. Behandlingstilbodet er ikkje meint å erstatte privat tannhelseteneste. Friske, ikkje smitta pasientar, som treng akuttbehandling må henvende seg til sin faste tannklinikk.

Desse fire beredskapsklinikkane administrerer behandlinga av smitta pasientar:
•    Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
•    St. Carolus kompetanseklinikk Molde, tlf. 71 28 46 20
•    Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
•    Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70

Samarbeid med private tannlegar

  • Smittevernutstyr er pr. dato ei utfordring både for offentleg og privat tannhelseteneste. Den offentlige tannhelsetenesta har kjøpt inn smittevernutstyr gjennom andre kanalar og oppmodar private klinikkar om å gjere det same. 
  • Private som ikkje har verneutstyr for eventuell behandling av eigne smitta pasientar kan ta kontakt med nærmaste beredskapsklinikk for å avklare behandling og vidare oppfølging. Det presiserast at all akuttbehandling og henvisning til berdskapsklinikkane av smitta pasientar, berre skal skje dersom det er heilt nødvendig, og vere begrensa til eit minimum. Dersom det er mistanke om at pasienten har smitte, skal den henvisande tannlegen anmode pasienten om å teste seg før behandling.

Den offentlege tannhelsetenesta legg til grunn helsedirektoratet sine oppdaterte faglege tilrådingar for all tannbehandling:

Helsedirektoratets faglege anbefalingar til tannhelsetenesta 

Sjå også: