Ofte stilte spørsmål

Spørsmål som gjeld skole og utdanning

Det er laga ein nasjonal rettleiar for smitteverntiltak på skolane. Her står det mykje om korleis både skolen og elevane kan gjere ein innsats for å hindre smitte.

Dei tre viktigaste tiltaka er:

  • halde deg heime dersom du er sjuk
  • handhygiene
  • avstand
  • Dersom skoleeigar må avlyse eksamen i mai og juni 2020 på grunn av korona-viruset, vil elevane likevel få vitnemål. 
  • Det vil vere opp til kvar skoleeigar å vurdere om ein har tilstrekkeleg grunnlag for å sette standpunktkarakter. Skolen kan bruke både det eleven har vist i opplæringa fram til no, og eventuelt heimearbeid som grunnlag for å vurdere eleven. Dette gjeld både ved langvarig karantene og ved stengte skoler.

Du kan lese meir på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

Svar:
Er du meldt opp til fag- eller sveineprøver i perioden 16. mars - 20. april 2020, blir prøven din utsett.
Perioden kan bli forlenga.

Svar:
Lærebedriftene melder inn til Møre og Romsdal fylkeskommune dersom det er lærlingar/lærekandidatar som blir permittert eller sjukmeldt over ein periode på meir enn to veker. Vi legg då inn avbrot i lære/opplæringskontrakten.

Spørsmål som gjeld tannhelse

Svar: 

Dei offentlege tannklinikkane i fylket har opna gradvis for pasientbehandling. Dei nye tilrådingane frå Helsedirektoratet som kom 20. april, inneber ei opptrapping av aktivitet, samtidig med at tilbodet om akuttbehandling av personar som er smitta, eller mistenkt smitta av koronaviruset blir administrert av fire beredskapsklinikkar i fylket.

Svar:
Har du ein betennelse eller alvorlege tannskade, ta kontakt på telefon med den tannklinikken der du vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat). Ikkje møt opp personleg på klinikken.

Alle dei offentlege tannklinikkane har telefonvakt i vanleg opningstid. 

Akuttilbod får du på den tannklinikken der du vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat) eller ein annen tannklinikk din ordinære tannklinikk har avtale med.

Tilbod til smitta eller mistenkt smitta pasientar

Er du mistenkt, sannsynleg eller bekrefta smitta med koronavirus må du gi beskjed om dette ved første telefoniske kontakt med din ordinære tannklinikk. Dette gjer det mogleg å legge til rette for forsvarleg behandling både for deg og tannhelsepersonalet.

Tilbod om akutt tannbehandling for smitta, eller mistenkt smitta pasientar blir administrert ved desse offentlege beredskapsklinikkane:

  • Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
  • St. Carolus kompetanseklinikk, Molde, tlf. 71 28 46 20
  • Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
  • Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70

 

Svar:
Vi gjer alt vi kan for å hindre smitte på tannklinikkane. Alle pasientar vil bli behandla under eit forsterka basalt smittevern og med tilpassa kliniske rutinar for å redusere risiko for smitteoverføring av Covid-19.
For akutte tilfelle, sjå spørsmåla over.