Pasient ved tannklinikk - oppdatert 3.4

Pasient ved tannklinikk - oppdatert 3.4

For å hindre spreiing av smitte blir det gitt behandling til pasientar med akutte behandlingsbehov (smertefulle betennelsar og alvorlege tannskadar) ved fire offentlege beredskapsklinikkar. Dei andre offentlege tannklinikkane har vore stengt for all behandling frå og med fredag 13. mars og inn til vidare.

Har du akutt behov for tannhelsehjelp?

Ta kontakt på telefon med den tannklinikken der du vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat). Ikkje møt opp personleg på klinikken.

Akuttilbod til friske pasientar

Akuttilbod får du på den tannklinikken der du vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat) eller ein annen tannklinikk din ordinære tannklinikk har avtale med.

Alle dei stengte offentlege tannklinikkane har telefonvakt i vanleg opningstid og vil gi deg informasjon om kor du kan få akutthjelp.

Akuttilbod til smitta eller mistenkt smitta pasientar

Er du mistenkt, sannsynleg eller bekrefta smitta med Koronavirus, må du gi beskjed om dette ved første telefoniske kontakt med din ordinære tannklinikk, slik at det kan leggast til rette for forsvarleg behandling både for deg og tannhelsepersonalet.

Beredskapsklinikkar

Det blir gitt eit tilbod om akutt tannbehandling ved desse offentlege beredskapsklinikkane:

  • Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
  • St. Carolus kompetanseklinikk, Molde, tlf. 71 28 46 20
  • Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
  • Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70

Påskeberedskap 

  • For å ta høgde for eventuell auke i behovet for akutt tannbehandling i påska, vil det vere beredskapsvakt med bemanning ved beredskapsklinikkane mellom kl. 10 og kl. 14 alle dagar frå skjærtorsdag til og med 2. påskedag. NB Beredskapsvakt skal kontaktast på telefonnummer som er oppgitt for beredskapsklinikkane.

Norske styresmakter oppmodar alle innbyggarar til å halde seg oppdatert og følge nasjonale råd og føringar knytt til situasjonen. Les meir på folkehelseinstituttet si heimeside: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/