Pasient ved tannklinikk (oppdatert november 2020)

Det offentlege tannhelsetilbodet

Alle dei offentlege tannklinikkane i fylket er per september 2020 opna for pasientbehandling. 

Har du behov for tannhelsehjelp?

Ingen skal møte opp på klinikken utan avtale på førehand. Ta kontakt på telefon med den tannklinikken der du vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat).

I forkant av eventuell undersøking, må smittestatusen vurderast nøye. Har du forkjølingssymptom og/eller feber skal tannbehandling utsettast. Pasientar kan berre ha følgje av ein person, som også må klarerast med tanke på smittestatus.

Oversikt over dei offentlege tannklinikkane finn du her

Smitta eller mistenkt smitta pasientar

Er du mistenkt, sannsynleg eller bekrefta smitta med koronavirus må du gi beskjed om dette ved første telefoniske kontakt med din ordinære tannklinikk. Dette gjer det mogleg å legge til rette for forsvarleg behandling både for deg og tannhelsepersonalet. Hovudregelen er at behandlinga blir utsett til du er frisk, dersom det ikke er fare for liv og helse.

Akutt tannbehandling blir administrert ved desse offentlege beredskapsklinikkane:

  • Ålesund kompetanseklinikk, tlf.  71 28 48 00
  • St. Carolus kompetanseklinikk, Molde, tlf. 71 28 46 20
  • Distriktstannklinikken Kristiansund, tlf. 71 28 45 00
  • Distriktstannklinikken Ørsta, tlf. 71 28 49 70

Meir informasjon

Les tilrådingane til tannhelsetenesta frå Helsedirektoratet her

Norske styresmakter oppmodar alle innbyggarar til å halde seg oppdatert og følge nasjonale råd og føringar knytt til situasjonen. Les meir på folkehelseinstituttet si heimeside