Smitteverntiltak i fylket – kven bestemmer kva?

Det er nasjonal smittevernmyndigheit som gjer vedtak og innfører retningslinjer for smittevern både i kollektivtrafikken, på skolane og på tannklinikkane.

Skriv ut

Fylkeskommunen skal følgje nasjonale rettleiarar og gjennomføre  smitteverntiltak for alle våre tenester. I enkelte område kan det i nokre tilfelle vere nødvendig med lokale smitteverntiltak som er kraftigare enn dei nasjonale tiltaka. Kven innfører desse og kven bestemmer kva?

Kort forklart:

  • Det er nasjonal smittevernmyndigheit eller den enkelte kommune som kan gjere slike vedtak. Fylkeskommunen har ikkje myndigheit til å gjere vedtak, gjennomføre kontroll med vedtak eller sette i verk sanksjonar.
  • Smittevernlova § 4-1 gir heimel til å vedta ulike smitteverntiltak. Dersom smittespreiinga i ein kommune gjer det nødvendig, kan kommunen med heimel i smittevernloven § 4-1 første ledd, jf. smittevernloven § 1-5, fastsette kommunale forskrifter om forsterka tiltak.
  • Det er kommunestyret som har myndigheit til å gjere vedtak etter § 4-1 første ledd. Kommunestyret kan etter § 7-1 sjette ledd, delegere sitt mynde. Vedtak skal uansett følgje dei grunnleggande krav til smitteverntiltak i § 1-5:
    • Krav til medisinskfagleg grunngjeving
    • Krav til nødvendigheit
    • Krav om at tiltaket skal vere tenleg etter ei totalvurdering

For meir informasjon sjå rundskriv oppdatert 5. november frå helse og sosialdepartementet. Rundskrivet kan du lese her.