Saman utviklar vi fylket

Visste du at fylkeskommunen er ein samfunnsutviklar? Vi jobbar for å utvikle Møre og Romsdal og bidrar til å løyse større samfunnsutfordringar i regionen. 

Som innbyggar i fylket brukar du kanskje fleire av tenestene vi leverer: du køyrer på fylkesveg, tar ferje eller buss, brukar kulturtilboda vi støttar, har kanskje barn i vidaregåande opplæring eller går til tannlegen.

Vi bidrar også til å utvikle attraktive tettstadar og byar, gode og berekraftig kollektivtilbod og styrke næringslivet. Vi jobbar for å løfte regionen og nå berekraftsmåla. Denne jobben gjer vi i lag med kommunane, offentlege etatar, organisasjonar, næringsliv og frivillige. Og vi gjer det på mange måtar. Her er nokre eksempel:

Utvikle levande og attraktive kommunesentra:

  • Ørsta: Svendsenhagen, aktivitetsområde
  • Volda: Fjordportalen, sjøfronten
  • Ulstein: sentrumsutvikling Geilneset
  • Sykkylven: Klokkehaugen møbelpark
  • Hareid: miljøgate
  • Vestnes: Sjøfronten
  • Åndalsnes: bypark og rådhusplass
  • Hustadvika: sentrumsutvikling
  • Tingvoll: Gunnars plass

Utvikle attraktive byar:

  • Ålesund: Kiperviktorget, leike- og aktivitetspark
  • Molde: Sjøfronten, med leikeplass og møteplass, utandørs og innandørs skatepark
  • Kristiansund: sti og lyssetting ved kyrkja, fornying av Vågen med skatepark, fornying Carolines plass

Utvikle næringslivet, høgare utdanning og forsking:

  • Prosjekt for fleire statlege arbeidsplassar til fylket
  • (Skaparkraft, omstilling av det eksportretta næringslivet, gjennom industrielt løft og smart teknologi)
  • Campus Kristiansund- etablering av campus for høgare utdanning, forskning og innovasjon
  • Utvikling av Molde Berekrafthub, base for bygg-, eigedom- og anleggsbransjen, senter for sertifisering av berekraft

Utvikle kultur- og fritidstilbod

  • Normoria: opera, museum og kulturskole under eit tak i Kristiansund
  • Sørsida i Ålesund: byutviklingsprosjekt med kultur- og undervisningstilbod
  • Volda campus Arena: idrettsbygg og storstove
  • Ørsta kultur- og kompetansesenter, med vidaregåande skole

Utvikle miljøvenleg transportsystem og kollektivtilbod

  • Bypakke Ålesund: samferdsels- og bymiljøtiltak i og rundt byen
  • Nordøyvegen - fastlandssamband til Nordøyane i Ålesund
  • Smartare transport - sjølvgåande båtar i bytrafikk og smarte styringssystem
  • Todalsfjordsbrua, samlar Sunndal og Surnadal til felles bu- og marknadsregion
  • Innføring av elektriske ferjer
  • Rassikring av fylkes 63 mellom Eidsal og Geiranger, strekninga Korsmyra og Indreeide

Snarvegar