Bygg og eigedomstenester

 

Figur som viser organisering av bygg og eigedomstenester

Leiar for avdelinga:

Per Olaf Skuseth Brækkan, bygg-og eigedomssjef
Per Ove Nydal, ass. bygg-og eigedomssjef

Om avdelinga:

Bygg- og eigedomsavdelinga er fagavdelinga for bygge- og eigedomssaker.

Avdelinga utøver fylkeskommunen si eigarrolle, tek vare på byggherrefunksjon i byggesaker og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar og eigedomstenester.

Vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg utgjer ein samla bygningsmasse på om lag 210 000 kvadratmeter fordelt på 200 bygg. Avdelinga forvaltar også fiskerihamner og andre grunneigedommar.

Vedtatt eigedomsstrategi gjev følgjande effektmål for porteføljen:

  1. Eigedomsforvaltninga i Møre og Romsdal fylkeskommune skal understøtte kjerneverksemda på best mulig måte. 
  2. Møre og Romsdal fylkeskommune skal drive verdibevarande vedlikehald. 
  3. Eigedomsstrategien skal bidra til økt kompetanse i Møre og Romsdal fylkeskommune 
  4. Eigedomsutvikling og –forvaltning skal bidra til felles identitet i og godt omdømme for Møre og Romsdal fylkeskommune

 Til kvart av måla er det definert resultatmål for perioden 2017 – 2026.

 

Snarvegar

Kontakt