Kulturområdet

Bilde av eit organisasjonskart med boksar

Leiarane for kulturområdet:

  • Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør
  • Monica Kjøl Tornes, ass. kulturdirektør

Området har ansvar for:

Vi har som mål å bidra til gode lokalsamfunn med eit mangfaldig, relevant og tilgjengeleg kultur- og fritidstilbod, og ei god folkehelse for alle. Barn og unge er ei viktig målgruppe.

Vi legg til rette for nærings- og bransjeutvikling av fylket sine profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar og tar initiativ til regionale satsingar som retter seg mot verksemder som skaper, produserer, formidlar og driv med sal av kulturelle uttrykk.

Avdelinga har ønsker ein sjølvstendig og inkluderande frivillig sektor. Som ein nettverksbyggar ønsker vi å heve kompetansen i frivilligheita og inviterer til kurs og møteplassar.

Vi forvaltar mange ulike tilskotsordningar og støttar ulike tiltak, prosjekt og tilbod som er i samsvar med mål i regionale og nasjonale planer. Området jobbar tverrfagleg og har eit stort søkelys på kunnskap og kompetanseheving i sektoren. På denne måten bidrar vi til å auke aktiviteten og å utvikle kultur- og fritidstilbodet i Møre og Romsdal.

Ansvarsområda er forankra i lovar, forskrifter, stortingsmeldingar og regionalpolitiske prioriteringar. Området har 42,5 årsverk.

Seksjon for kunst- og kulturformidling jobbar mellom anna med kunstpolitikk, ung kunst og kultur og UKM (Ung kultur møtes). I samband med Den kulturelle skulesekken (DKS) utviklar vi nye produksjonar i samarbeid med eksterne aktørar, og lagar program, planlegg og driftar turnéar og laug (verkstader). I tillegg jobbar vi òg med utviklingsprosjekt for Den kulturelle spaserstokken.

Seksjonen jobbar for å fremme heilskapleg tenking rundt arkiv, bibliotek og museum (ABM) i vår region. Vi har særleg merksemd på regional utvikling av biblioteka og å ivareta regionale bibliotekoppgåver og satsingane for seksjonen er forankra i nasjonale og regionale planer og strategiar.

Arkiv viser samanhengar og inngangar til fortida og relevans til notida. Museums- og bibliotekfeltet er ein arena for kunnskapsformidling. Vi arbeider for å styrke biblioteka som arena for opplevingar, formidling og livslang læring, og er opptatt av å skape opne, innovative og berekraftige samfunn.

Vi gir fagleg rådgiving, legg til rette for nettverk og erfaringsutveksling, kurs og kompetansehevande tiltak. I tillegg utviklar vi statistikk og kunnskapsgrunnlag som grunnlag for prioriteringar og vegval

Seksjon for kulturarv gir råd og innspel om kulturminne og kulturmiljø ved handsaming av kommunale arealplanar. Vi har særleg ansvar for freda og verneverdige kulturminne og miljø av nasjonal og regional verneverdi. Dette gjeld både arkeologiske kulturminne, mellomalderbygningar, verneverdige fartøy og kulturminne frå nyare tid. Vi har òg eit særleg ansvar for verdsarvområdet i Geirangerfjorden. Seksjonen gjennomfører også arkeologiske registreringar og tek i mot funn/oldsaker av arkeologisk interesse.

I tillegg har vi ansvar for tildeling av støtte knytt til kulturminne i fylket, og samarbeider også med museum, frivillig sektor og andre aktørar om ulike verdiskapingsprosjekt knytt til kulturminne.

Seksjon for folkehelse, idrett og friluftsliv samordnar folkehelsearbeidet og følger opp samarbeidsavtalen om God Helse med kommunane i fylket. Vi jobbar med kunnskapsgrunnlag og planarbeid, tek initiativ til og legg til rette for utviklingsprosjekt, kurs og nettverksbygging. I tillegg deler vi ut tilskot til søkarar innan mange ulike område.

Vi arbeidar med å utvikle og gjennomføre anleggspolitikk. Vi tildeler spelemidlar til utvikling av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, og jobbar med idrettsutvikling mellom anna gjennom tildeling av idrettsstipend til ungdom og klubb kvart år.

Seksjonen jobbar òg med kartlegging, verdsetting og statleg sikring av friluftslivsområde og planlegging for friluftsliv. I tillegg har vi ansvar for frivillig sektor samt oppfølging og koordinering av eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne.

Stab har ein koordinerande rolle i avdelinga og arbeider med regional planlegging og kulturstatistikk, økonomi, verksemdstyring, tilskot, digitalisering og tenesteutvikling. Vi koordinerer også større tverrgåande nettverksarenaer, pressemeldingar, nyhendesaker og kronikkar frå avdelinga.

Snarvegar

Kontakt