Samferdselsområdet

Bilde som viser organisering av samferdselsområdet

Leiarane for samferdselsområdet:

  • Arild Fuglseth, samferdselsdirektør
  • Magne A. Vinje, ass. samferdselsdirektør
    • Ole Jan Tønnesen, fylkesvegsjef
    • Stig Helle-Tautra, kollektivsjef

Området har ansvar for å:

  • ivareta fylkeskommunen sitt utviklings-, utbyggings- og driftsansvar knytt til fylkesvegar,  kollektivtransport og tilrettelagte transport for utvalte grupper. 
  • tilby framtidsretta, trygge, pålitelege, behovsorienterte og miljøvennlege samferdselsløysingar for innbyggarane i Møre og Romsdal.  Dette skal vi gjere ved å vere fagleg kompetente, ha lokalkunnskap, vere effektive og leveringsdyktige.

Staben har ansvar for:

  • Politiske saker på samferdselsområdet
  • Økonomiplan/budsjett og økonomirapportering
  • Personaladministrasjon
  • Kommunikasjon

Staben har ansvar for:

  • Strategiar og planar innan samferdsel i det fylkeskommunale plansystemet
  • Utvikling og innovasjon i transportsektoren på områda der fylkeskommunen har ansvar, som til dømes kollektiv og mobilitetstilbod og drift av fylkesvegar
  • Analyser og moglegheitsstudier av transporttiltak som gir fordelar for folk og næringsliv. Transport er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit viktig verkemiddel for innbyggarar og næringsliv.

Kollektivavdelinga - FRAM

  • kjøper transporttenester innanfor buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, samt ansvar for skoleskyss, TT-ordninga, FRAM Flexx og drosje.
  • FRAM kjøper transporttenester for om lag 1,8 milliard kroner og et inntektsbudsjett på om lag 0,8 milliard kroner.
  • FRAM skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal blir drifta på ein effektiv og god måte, slik at innbyggjarane får dekt sine reiseønskjer så godt som råd er.
  • FRAM skal bidra til å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet og tilby tenester for kombinert mobilitet i Møre og Romsdal.  I byområda er kollektivtrafikken viktig som alternativ til bil. Det vil i åra som kjem skje stor utvikling innanfor kollektivtrafikken, med vekt på mobilitet, elektrifisering, automatisering, nye tenester og nye aktørar. 

Seksjonen har ansvar for:

  • planlegge linjenett og rutetilbod
  • planlegge skuleruter og koordinere skuleskyss
  • tildele kontraktar for køyring av buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer i Møre og Romsdal gjennom anbodskonkurransar

Seksjonen har ansvar for:

  • lønnsomhet- og forretningsutvikling
  • produkt-, teneste- og mobilitetsutvikling
  • effektgenerering gjennom IKT og digitalisering
  • marknadsføring og kundedialog
  • vere eit samlande kompetanseorgan for innovasjon innan mobilitet og kollektivtrafikk i fylket

Fylkesvegavdelinga

  • avdelinga har ansvar for utvikling, forvaltning og drift av om lag 3000 km fylkesvegar og utbygging av nye fylkesvegprosjekt i Møre og Romsdal.
  • Avdelinga har eit solid byggherremiljø som styrer kontraktar med entreprenørar innan utbygging og drift av vegnettet.
  • vi har også fagkontraktar innan ei rekke fagområde som  planlegging, bru, tunnel, asfalt og elektro.
  • Forvaltningsoppgåvene i avdelinga er omfattande:  som vegeigar av fylkesvegane er vi den største naboen i fylket, vi har kompetanse på areal- og vegplanlegging, trafikktrygging, trafikk – og geodata, miljø osv.
  • Fylkesvegavdelinga har 133 medarbeidarar i Kristiansund, Molde, Ålesund og Skjeltene.
  • Inspeksjon og forvaltning av berande konstruksjonar (ca. 900 bruer, 55 kaier, hurtigbåtkaier, tunnelportalar, løsmasse/miljøtunneler, skredoverbygg og støttemurar)
  • Planlegging, prosjektering og gjennomføring av investerings og vedlikehaldstiltak på bru- og kai.
  • Prosjektering og gjennomføring av investerings- og større vedlikehaldstiltak på veg.
  • Prosjektering og gjennomføring av investerings- og større vedlikehaldstiltak på tunnel.
  • Utviklingsoppgåver, inkl. innovasjonspartnerskap for nye løysingar for bygging av bruer.
  • Kvalitetssikring av tiltak gjennomført av andre på fylkesvegnettet.
  • Å sikre framkomme og trafikktryggleik på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal gjennom drift og vedlikehald av vegene.
  • Å ha oversikt over tilstanden på vegnettet.
  • Å forvalte eigarskap og sørge for tilfredsstillande tryggleik og funksjonalitet for tunellar og elektriske anlegg på og langs fylkesvegnettet.
  • Å være rådgivar og gjennomføre inspeksjonar/befaringar og andre oppgåver innenfor geologi/ingeniørgeologi og geoteknikk. 
  • Å sørge for at seksjonen har ein tilfredsstillende beredskapsorganisasjon i samsvar med lokal beredskapsplan for samferdselsområdet. Det omfattar øving, krise- og beredskapsplan, samt planlagt tiltak for å verne kritisk infrastruktur.
  • Behandle saker etter plan og bygningslova og veglova. For eksempel uttale til reguleringsplanar, søknader om avkøyrsle, dispensasjon frå byggegrense mm.
  • Gjennomføre grunnerverv og oppmåling langs fylkesveg
  • Utarbeide reguleringsplanar i eigenregi
  • Vegplanlegging
  • Bidra med faguttale innan miljø, støy, universell utforming og ivaretaking av myke trafikantar
  • Handsame søknader om kryssing, graving og nærføring, og gje uttale til skiltsaker der SVV har vedtaksmynde
  • Fagekspertise innan trafikktryggleik
  • Oppfølging av gjennomføringsavtaler
  • Ansvar for oppdateringa av NVDB og trafikkdata
  • Nordøyvegen gir fastlandssamband til rundt 2700 menneske i dei tidlegare kommunane Haram og Sandøy. Frå 1. januar 2020 er Nordøyane ein del av Ålesund kommune
  • Styringsramma i prosjektet er 4,9 milliardar kroner
  • Antatt opning: 2022
  • Du kan lese meir om prosjektet på mrfylke.no/nordoyvegen

Snarvegar

Kontakt