Stab for juridiske og administrative tenester

Bilde som viser organisering av stab for juridiske og administrative tenester

Leiarane for staben:

  • Gudmund Lode, juridisk sjef
  • Arild Kjersem, ass. juridisk sjef

Avdelinga ansvar for:

  • å yte bistand i juridiske saker til administrativ leiing, avdelingane, dei ytre einingane og fylkeskommunale folkevalde organ.
  • å yte bistand i innkjøpsfaglege saker
  • fylkeskommunen sitt sentralarkiv.
  • sekretariatsteneste for dei folkevalde organa i fylkeskommunen
  • drift av fylkeskommunen si forsikringsordning
  • beredskap- og informasjonstryggleik
  • Fellestenesta ved Fylkeshuset.

Les meir om seksjonane:

Staben har ansvar for samordning av seksjonane i avdelinga. Staben gir støtte og til andre stabsavdelingar på områder som budsjett, rekneskap og gjennom å forvalte fylkeskommunedirektørens tilvisingsmynde. 

Staben har overordna ansvar for fylkeskommunens beredskap- og informasjonstryggleiksarbeid, og forvaltning av forsikringsordninga i fylkeskommunen.

Seksjonen yter juridisk bistand til alle einingane i fylkeskommunen på rettsområde som til dømes offentlege anskaffingar, kontraktrett, utdanningsrett, arbeidsrett, eigedoms- og entrepriserett, saker etter veglova, kommunal og forvaltningsrett og så vidare.

Seksjonen er sekretariat for klagenemnda i fylkeskommunen som behandlar klager på fylkeskommunale enkeltvedtak.

Seksjonen har ansvar for sentralarkivet for Møre og Romsdal fylkeskommune. Det gjeld blant anna journalføring, arkivering og kvalitetssikring av det samla arkivet. Dokumentsenteret yter fagleg bistand innanfor arkivfaget til administrativ leiing, stabs- og fagavdelingane og ytre einingar som vidaregåande skular og tannklinikkar.

Seksjonen har ansvar for sekretariatstenester for fylkeskommunen sine folkevalde organ, sekretariatstenester for fylkesvalstyret ved gjennomføring av fylkestings- og stortingsval og sekretærteneste for fylkeskommunedirektør og fylkesordførar.

Seksjonen har ansvaret for å utarbeide fylkeskommunen sin overordna anskaffingsstrategi, utarbeide og implementere prosedyrar og rutinar for å sikre at anskaffingane skjer i samsvar med anskaffingsstrategien, lov og anskaffingsregelverket sine føringar.​​​​​​

Seksjonen yter bistand til stabs- og fagavdelingane ved gjennomføring av anskaffingskonkurransar.

I fylkeshuskvartalet har fleire statlege og fylkeskommunale avdelingar tilhald.  Fellestenesta har som oppgåve å løyse dei felles tenesteleveransebehova desse avdelingane har.

Fellestenesta sin ekspedisjon og administrasjon er plassert aust i 1. etasje i Fylkeshuset. Våre tilsette utfører oppdrag på og i heile fylkeshuskvartalet. 

Team opplysningstenesta
  • Resepsjonsteneste/besøksmottak, sentralbordbetening.
  • Møteromsadministrasjon
Team ekspedisjon/kopisenter
  • Ut- og inngåande post- og godshandtering
  • Distribusjon av kontorrekvisita
  • Hustrykkeri – ferdigstilling av trykksaker
Team reinhald
  • Dagleg og periodisk reinhald av heile fylkeshuskomplekset – ca. 35000 kvm.

Snarvegar

Kontakt