Stab for organisasjon og tenesteutvikling

Bilde som viser organisering av stab for organisasjon og styring

Leiar for staben:

Dag Lervik, organisasjonssjef

Staben skal:

  • følgje opp den overordna arbeidsgivarfunksjonen og legge til rette for organisasjons- og medarbeidarutvikling forankra i fylkeskommunen sin organisasjonsstrategi
  • arbeide for å sikre eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø
  • arbeide for at vi har myndiggjorte medarbeidarar i ein lærande organisasjon
  • tilpasse brukarorienterte og effektive løysingar i ein digital moden organisasjon medgode samarbeidsmodellar

Les meir om seksjonane: 

HR følger opp den overordna arbeidsgivarfunksjonen på vegner av fylkeskommunedirektøren og gir leiarstøtte innanfor:

  • rekruttering og utvikling av leiarar og andre medarbeidarar
  • HMS og arbeidsmiljø
  • arbeidet med omstilling og organisasjonsutvikling
  • kultur og identitet 

IT har ansvar for:

  • teknisk drift og utvikling av alle felles IT-tenester i fylkeskommunen. 
  • å ha tett kopling til arbeidet med digitalisering, integrasjon og robotisering.

Seksjonen er organisert i to team:

  • brukarstøtte
  • teknisk drift av IT-tenestene 

Kommunikasjonsseksjonen har eit overordna ansvar for strategisk og operativ kommunikasjon i fylkeskommunen. Vi skal sørge for at kommunikasjonen bygger opp under måla i fylkesplanen og for å auke kunnskapen om fylkeskommunen sine roller og tenester.

Som støttefunksjon for heile organisasjonen skal vi bidra til å sikre god ekstern og intern kommunikasjon.

Vi utviklar og driftar fylkeskommunen sine kommunikasjonskanalar og har ansvar for grafiske tenester til annonser og anna profilering.

Seksjonen kan gi råd om:

  • planlegging og gjennomføring av kommunikasjonstiltak
  • pressemelding og mediekontakt
  • annonsering
  • språk
  • grafisk formgiving, profil og verkemiddel
  • krisekommunikasjon og beredskap

Seksjon for tenesteutvikling og organisering:

  • skal vere ein ressurs og fasilitator for teneste- og utviklingsprosessar i heile organisasjonen
  • ha kompetanse på tenestedesign, gevinstarbeid, prosesskartlegging, prosjektarbeid, prosessleiing og digitalisering
  • er samlokalisert med, og skal samarbeider tett med, porteføljeansvarleg i den nyetablerte prosjektarenaen
  • har ei leiande rolle i robotiseringssatsinga og skal etablere og koordinere eit internt tverrfagleg miljø for tenesteutvikling.

Snarvegar

Kontakt