Fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring 2023–2026

Denne høyringa er kompetanse- og næringsdirektøren sitt forslag til Fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring (Tilbodsstrategien) for skoleåra 2023/2024, 2024/2025 og 2025/2026. Tidsperioden for strategien er tre år, men rulleringa vil framleis skje kvart år.

Hovudvekta i vurderingane er om tilboda skal vere søkbare eller ikkje hos skolane. Kapasiteten ved den enkelte skole er også vurdert og lagt ved forslaga til kvar skole. Kompetanse- og næringsdirektøren vil kunne justere kapasiteten i samråd med skolane når søkartala er klar våren 2023.

Send høyringssvar til: post@mrfylke.no

Merk svara: «Namn på avsendar, høyringssvar, Fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring 2023–2026, sak 2022/8943».

Frist for svar på høyringa er sett til 16. september 2022.

I dimensjoneringa av det vidaregåande tilbodet til Møre og Romsdal fylkeskommune må ein gjere vurderingar om framtida. Det vil vere usikkerheit knytt til elevtala. I denne saka finst ei elevtalsutvikling basert på grunnskolens informasjonssystem (GSI). Fylkeskommunen har også eigne framskrivingar av elevtal, men desse er ikkje lagt ved denne saka.

Elevtal i grunnskolen

Elevtala frå GSI er per 1. oktober i skoleåret. Det er elevar ved inngangen til skoleåret og ikkje avgangselevar. Det er tatt omsyn til endringane i kommunereforma og regionreforma. Følgande skoleregionar er brukt:

  • Nordmøre: Kristiansund, Averøy, Smøla, Aure, Tingvoll, Sunndal og Surnadal.
  • Romsdal: Molde, Hustadvika, Gjemnes, Aukra, Vestnes og Rauma.
  • Nordre Sunnmøre: Ålesund, Giske, Sula, Fjord, Stranda og Sykkylven.
  • Søre Sunnmøre: Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Dersom du ønsker å få tilsendt søknadar frå skolar og næringliv om oppretting av tilbod, kan du sende e-post til inntak@mrfylke.no

Dokumenter

Kontakt