Fylkesplan for berekraftsfylket Møre og Romsdal 2021 - 2024

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok den 2. juni 2020 (sak U-71/20) å legge forslag til ny Fylkesplan for berekraftsfylket Møre og Romsdal 2021 – 2024 ut på høyring. Dokumentet er lagt ut på Møre og Romsdal fylkeskommune sine heimesider mrfylke.no/om oss/høyringar. Høyringsfristen er 10. september 2020.

Bakgrunn

Plan- og bygningslova (PBL) krev at fylkeskommunen skal utarbeide ein regional planstrategi (RPS) i kvar valperiode, seinast eitt år etter konstituering. RPS skal følgjast opp av regionale planar på dei områda der RPS definerer eit regionalt behov og som fylkestinget prioriterer. Fylkesplan for Møre og Romsdal er ein slik regional plan. Statusen for fylkesplanen er derfor slik at kommunar og regionale statsetatar skal legge den til grunn i sitt arbeid.

Om fylkesplanen

Fylkesplanen følgjer opp RPS, og er som denne bygd opp rundt FN sine 17 berekraftsmål og dei tre berekraftsdimensjonane, samt eitt eige mål for samarbeid. Det ligg derfor eitt langsiktig utviklingsmål for samarbeidsfylket, eitt for miljøfylket, eitt for integrerings- og kompetansefylket, og eitt for verdiskapingsfylket. Dess er henta ned i fylkesplanen, og det er utvikla 4 – 7 fylkesplanmål under kvart av dei langsiktige utviklingsmåla.

Fylkesplanmåla er ei konkretisering av og ei oppfølging av dei fire langsiktige utviklingsmåla i RPS. Dette inneber at fylkesplanen for første gong ikkje er sektorinndelt og har sektorvise mål. Berekraftsdimensjonane er gjensidig avhengige av kvarandre. For å oppfylle måla under miljødimensjonen, må ein og passe på å ivareta måla under sosial dimensjon, og under økonomisk dimensjon, og omvendt. Berre slik er det mogleg å utvikle eit berekraftig samfunn. Dette er krevjande, og gjer at det er stort behov for å arbeide på tvers av sektorar dersom ein skal lukkast med berekraftsløftet. Dette er grunnen til at fylkesplanen er systematisert og bygd opp slik den er.

Fylkesplanen vil bli følgd opp av ei rekke fylkesstrategiar. I RPS er det utgreidd kva ein fylkesstrategi vil vere, kva krav det må vere til utarbeidinga, og kva den som eit minimum må innehalde. Essensen er at fylkesstrategiane blir ein del av fylkesplanen, og vil saman med fylkesplandokumentet ha status som ein regional plan. Fylkesstrategiane vil innehalde resultatmål. Ut frå desse vil det bli trekt opp tiltak som blir lagt inn i økonomiplan med handlingsprogram, og får finansiering der.

Kva er viktig i høyringa?

Den regionale planstrategien (RPS) var på høyring våren 2020, med høyringsfrist 25. mars. RPS og fylkesplanen er utarbeidd gjennom ein felles planprosess, og fylkesplanen bygger som omtalt på RPS. Høyringsinnspela til RPS ga oss  derfor verdifull tilbakemelding også til arbeidet med fylkesplanen. Det kan vere at ein del høyringspartar derfor ikkje finn det nødvendig å gi høyringsuttale til fylkesplanen. Fylkesplanen blir likevel sendt ut på høyring dersom det er noko anna, eller meir høyringspartane ønsker å spele inn.

Dersom nokon av høyringspartane ønsker nærare innsikt i eller orientering om den regionale planlegginga og fylkesplanen, stiller fylkeskommunen seg til disposisjon for orienteringar og/eller drøftingar i politiske eller administrative møte i høyringsperioden. Dette må avtalast direkte med dei ansvarlege for det regionale planarbeidet (sjå under). 

Vi har elles eit ønske om at høyringspartane vurderer:

  • Om fylkesplanmåla treff med tanke på dei viktigaste moglegheitene og utfordringane samfunnet Møre og Romsdal har i den komande 4-årsperioden?
  • Om det er vesentlege utfordringar og/eller moglegheiter vi ikkje har klart å fange opp i fylkesplanen
  • Om partane har innspel til tiltak under dei ulike måla
  • Om det er mål og tiltak der høyringsparten ser seg sjølv som ein naturleg og sentral samarbeidspart

Innsending av høyringsuttalar:

Vi vi helst ha svar digitalt via organisasjonsnummer og Svar ut. Vi ber derfor dei som har denne moglegheita om å bruke den.

Du kan også bruke e-postadressa  post@mrfylke.no 

Dokumenter

Kontakt