Fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring

Fylkesutdanningssjefen sender med dette forslag til Fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring (Skolebruksplanen) for skoleåra 2021/2022, 2022/2023 og 2023/2024 på høyring. Tidsperioden for fylkesstrategien er 3 år, men rulleringa vil framleis skje kvart år.

Høyringsbrev og tabell med forslag til fylkesstrategien finn du lenger nede på sida.

Før forslaget til fylkesstrategi blei sendt på ordinær høyringsrunde, har det vore ein intern høyringsrunde på dei vidaregåande skolane. Skolane har då hatt moglegheit til å kome med innspel til forslaget til fylkesstrategien. Innspela har vore med i vurderingane ved utarbeidinga av høyringsbrevet.

Hovudvekta i vurderingane er lagt på om tilboda skal vere søkbare eller ikkje på skolane. Kapasiteten er òg vurdert og lagt inn i forslaget til kvar enkelt skole, men administrasjonen vil kunne justere kapasiteten i samråd med skolane når søkartala ligg føre våren 2021.

Høyringssvar sender du digitalt til: post@mrfylke.no

Merk svara: «Namn på avsendar, høyringssvar, fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring 2021-2024 ,sak 20/11390»

Dokumenter

Kontakt