Prosess, aktivitetar og grunnlagsdokument i regionalt planarbeid

Workshopen vart innleia med korte innlegg på ei rekke tema som vart behandla i gruppearbeidet på andre del av dagen. Det var og utarbeida korte fagnotat på tema det skulle arbeidast med. Tema for gruppearbeida var:

  • Samarbeid om å nå felles mål
  • Klimatilpassing
  • Kompetanse og utdanning
  • By- og tattstadutvikling
  • Kulturaktivitet- og kulturtilbod i by- og tettstad
  • Verdiskaping, innovasjon og teknologi
  • Mobilitet

Det var 67 påmelde deltakarar frå kommunar, regional stat, forsking, utviklingsmiljø, frivilligheit, kulturinstitusjonar, næringslag, samt politikarar. Det vart arbeida godt i alle dei 7 gruppene som var i aksjon, og det er levert referat frå alle gruppearbeida. I tillegg er det opna for innspel på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune, følg linken (deaktivert i ettertid):

Følgande dokument vart utarbeid i framkant og i etterkant av workshopen, og seinare i planprosessen:

  • Fagnotat til workshop
  • Innlegg på workshop (sjå oversikt lenger nede på sida)
  • Referat frå gruppearbeid
  • Oversikt over innspel i prosessen

I tillegg til tema det vart arbeidd med i grupper på workshopen 14. mars, skal det kastast lys over følgjande tema i kunnskapsgrunnlaget til Regional planstrategi:

  • Miljøvennleg liv og produksjon
  • Demografisk utvikling og sentralisering
  • Ulikheiter og utanforskap
  • Kultur, idrett og frivillig innsats
  • Demokrati og medverknad
  • Tannhelse

Dokumenter

Kontakt