Fylkesplan

Fylkesplanen er den overordna planen for samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Planen skal også bidra til godt samarbeid og samhandling i fylket. 

Fylkesplanen skal følgast opp gjennom handlingsprogram for kompetanse/verdiskaping, kultur og samferdsel. Handlingsprogramma er integrert i økonomiplanen.

Under finn du fylkesplanen  for 2017- 2020. 

Møre og Romsdal – der bølger gir vekst er fylkestinget sin visjon for Møre og Romsdal. Dette er eit naturleg val for eit fylke som i all tid har livnært seg på det havet har å gi, og som har vore i front med å lage skip, utstyr og teknologi som tåler varierande bølger.

No må vi ruste fylket til å tåle - og nytte – også nye bølger som skyl inn over oss; den grøne bølga, teknologibølga, urbaniseringsbølga, eldrebølga og innvandringsbølga.

Den regionale planlegginga er eit sentralt verktøy for å jobbe systematisk saman om desse utfordringane og moglegheitene. Møre og Romsdal har tradisjon for å meistre omstillingar, og den kulturen skal vi trekke veksel på no.

I Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 stakar vi ut kursen for utviklinga i fylket vårt dei nærmaste fire åra. Formålet med fylkesplanen er å få til utvikling som er til beste for heile fylket.

Den regionale utviklinga er avhengig av at mange spelar på lag, og fylkeskommunen skal vere både ein tydeleg medspelar og lagleiar når det trengst. Det skal vi gjere ved å gi retning, stimulere, kvalifisere og samordne bruken av ressursane i dette mangfaldige fylket. Fylkeskommunen har også rolla som talerør for interesser i Møre og Romsdal opp mot nasjonalemyndigheiter.

Dersom alle blir med og gjer ein innsats på sine område – med engasjement, skaparevne, kunnskap, kompetanse og økonomiske verkemiddel, vil vi i fellesskap kunne vere med på å oppfylle fylkesplanens visjon.

Nye folkevalte regionar frå 2020

Ei regionreform med nye geografiske inndelingar og nye oppgåver for det regionale folkevalte nivået skal tre i kraft frå 1. januar 2020. Planperioden for fylkesplanen avgrensar seg derfor naturleg til 2020. Stortinget skal gjere vedtak i saka om nye folkevalte regionar våren 2017. Det er difor viktig å gjere opp status no. Kva er prioriteringane til kommunane, næringslivet, organisasjonane, FoU-miljøa og andre aktørar i Møre og Romsdal? Desse vil vere premissgivarar for regional utvikling.

Samarbeid over fylkesgrensa

Møre og Romsdal fylkeskommune har tradisjon for å samarbeide med fagmiljø og fylkeskommunar vi har interessefellesskap med. Kven det er, varierer etter oppdragets art. Det kan vere alle kystfylka, det kan vere vestlandsfylka, det kan vere trønderfylka – og også fylke i andre delar av landet med same utfordringar eller moglegheiter som vi. Slike samarbeid er vi tent med å ha også i kommande planperiode.

I tillegg vil vi ha ekstra merksemd på grenseområda våre, slik at fylkesgrensa ikkje skal opplevast som hemmande for utvikling. Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å legge til rette for at kommunar og næringsliv i vårt fylke kan delta i kunnskapsmiljø og næringsklynger i nabofylka. Dette vil vi samarbeide med Sør-Trøndelag fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune om.

Heimla i Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020

Regional planstrategi har erstatta fylkesplanen som det overordna styringsdokumentet på regionalt nivå. Planstrategien gir ei oversikt over dei største utfordringane og moglegheitene for fylket framover, og kva planar fylkeskommunen skal ha for å møte desse. Planstrategien viser også til dei nasjonale føringane som er gitt for den regionale planlegginga og korleis desse skal takast omsyn til i Møre og Romsdal.

Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 finn de her: www.mrfylke.no/rps

Regional planstrategi dekker eit breiare planområde enn det som er med i fylkesplanen. Eit stort ansvarsområde for fylkeskommunen – tannhelse – er til dømes lite omtalt i fylkesplanen. Det betyr ikkje at dette er mindre viktig for den regionale utviklinga eller at denne sektoren ikkje kan vere med å bidra til å nå måla i fylkesplanen. Det det betyr, er at dette er godt
ivaretatt i Regional delplan for tannhelse.

I Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 har fylkestinget prioritert å ha ein overordna regional plan, Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020. Dette gir høve til å sjå utviklinga på ulike sektorar, forvaltningsnivå og kommunar under eitt, og bringe saman aktørar frå ei rekke ulike samfunnsområde.

Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Planen skal også medverke til godt samarbeid og samhandling i fylket.

Fylkeskommunen har gjennom fylkesplanen ansvar for å:
• Gi strategisk retning til samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal
• Mobilisere og støtte dei regionale aktørane – i kommunar, regional stat, næringsliv, organisasjonar, FoU-miljø, kulturliv og
lokalsamfunn
• Samordne verkemiddel og innsats

Kunnskapsgrunnlag

I kunnskapsgrunnlaget til Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2016-2020 blir det gjort greie for regionale utviklingstrekk på 15 samfunnsområde. Saman med Fylkesstatistikk, RISS, Kommunestatistikk, oversikt over folkehelsa og ikkje minst høyringsinnspela til den regionale planstrategien ligg det føre eit godt grunnlagsmateriale for fylkesplanprosessen. Det er i tillegg laga to oppdatert notat på områda arbeidsmarknad og innvandring.

Alle desse dokumenta er tilgjengelege på plan- og analyseavdelinga si nettside: http://mrfylke.no/statistikk

Planprosess

Fylkesutvalet vedtok 14. mars 2016 oppstartmelding for revidering av fylkesplanen (sak U-27/16). Det er lagt vekt på brei intern og
ekstern medverking i utabeiding av revidert plan. Det er oppretta ei ekstern ressursgruppe med aktørar som har kunnskap om svært mange av dei felta som fylkesplanen rører ved; samferdsel, kultur, utdanning, innvandring, næringsliv/arbeidsliv, frivillige organisasjonar, miljø, ungdom, eldre og funksjonshemma.

Revidering av fylkesplanen har vore tema i Regionalt planforum, på møte med Fylkesmannen si landbruksavdeling, i partnarskapet for verdiskaping og på regionale møte med kommunane om samferdsel.

Planen har vore arbeidd med både i ei internt fylkesplangruppe med rådgivarar frå alle avdelingar og i fylkesrådmannen si leiargruppe. Saka har vore tema på alle avdelingsmøta. Revidering av fylkesplanen har vore sett på sakskartet på møte i eldrerådet, ungdomspanelet, rådet for likestilling av funksjonshemma og i hovudutvala.

Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerte i september to opne høyringsmøter for innspel til Fylkesplan 2017-2020.

Oppbygging av Fylkesplan for Møre og Romsdal

Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 har tre overordna prioriteringar, tre innsatsområde og tre gjennomgåande perspektiv.

Dei tre overordna prioriteringane er områder der fylkeskommunen saman med kommunane og andre regionale aktørar er utfordra til å ta nye grep for å gjere fylket meir attraktivt å bu i, drive næring i og besøke.

Innsatsområda er dei områda der fylkeskommunen har størst kompetanse og verkemidlar til å påverke den regionale utviklinga.

Dei gjennomgåande perspektiva er viktige samfunnsomsyn som fylkeskommunen – og kommunane og staten – skal vurdere i alle planar og tiltak. Dei gjennomgåande perspektiva skal takast omsyn til på alle innsatsområda i fylkesplanen, og i handlingsprogramma for iverksetting av desse.
 

Det er nokre utviklingstrendar - eller bølger - som i særleg grad utfordrar både samfunnet Møre og Romsdal og fylkeskommunen som tenesteleverandør og samfunnsutviklar. Samstundes ligg det store moglegheiter innafor dei same områda om ein lykkast med å påverke utviklinga i ei positiv retning. I komande planperiode vil Møre og Romsdal fylkeskommune ha ei særleg og tverrfagleg merksemd på følgande område:

• Attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar
• Omstilling
• Integrering

Fylkestinget legg til grunn at fylkeskommunen, i tillegg til å samordne oss internt, skal samarbeide tett med andre samfunnsaktørar som kommunar, regionale statsetatar, næringsliv, FoU-miljø, organisasjonar og kulturaktørar på desse områda. Det skal vi m.a. gjere ved å opprette faglege fora, nytte eksisterande nettverk og legge til rette for nye møteplassar, kompetansebygging og samarbeid. Det vil i planperioden også bli utvikla og gjennomført eigne prosjekt innafor desse områda.

Målsettingar for satsingane skal utarbeidast innafor dei enkelte prosjekt og sektorar og fylkeskommunen skal ha ei koordinerande rolle. Dei overordna prioriteringane skal følgast opp i handlingsprogramma for dei tre innsatsområda.

Attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar Verken innbyggarar eller næringsliv forheld seg til kommune- og fylkesgrenser i kvardagen. Integrerte og heilskaplege regionar, både når det gjeld arbeidsplassar, utdanning, servicefunksjonar, fritidstilbod, handel m.m. er ei sterk vekstkraft som skapar attraktivitet.

Ei hovudsatsing vil vere å vidareutvikle og utvide heilskaplege regionar gjennom samordna areal- og transportplanlegging. Ei anna
vil vere korleis strukturelle grep som samferdsel, institusjonar og breiband kan medverke til attraktive regionar. Å få etablert Høgskolecampus i Kristiansund og få Ålesundsregionen inn i ordninga med bymiljøavtalar eller liknande ordningar blir del av dette. Det same er også eit pilotprosjekt for kollektivtrafikk ved Campus Ålesund. Møre og Romsdal vil fortsette å styrke byane som regional motor. Nærings- og samfunnsutvikling må i tillegg sikre god georgrafisk spreiing av livskraftige regionale og lokale sentra.

Omstilling

Dei siste åra har konjunkturar utfordra næringslivet og næringsstrukturen i fylket. Både næringsliv og offentleg sektor skal tilpasse seg store strukturendringar, t.d. kommune-/regionreform, høgskulereform, sjukehusstruktur og ei aukande sentralisering/urbanisering i samfunnet. Nye utfordringar og moglegheiter skal utnyttast i forbindelse med lågutsleppssamfunnet, teknologiutvikling og ein global marknad. Møre og Romsdal skal følge opp klima- og miljømåla i Paris-avtalen, og dette skal utnyttast til verdiskaping, mellom anna innafor bioøkonomien.

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke ny forskings- og innovasjonsstrategi for både næringsliv og offentleg sektor, og desse vil vere hovudsatsingar for fylkeskommunen i planperioden. Fleire statlege arbeidsplassar og verdiskaping i kreative og kulturelle næringar er også satsingar som går inn her.

Integrering

Den auka innvandringa dei seinare åra, og auka fokus på «utanforskap» er utgangspunkt for at integrering skal ha særskild merksemd. Korleis gjere innvandring til ressurs og lukkast med integreringsarbeid er hovudutfordringane vi står overfor. Integrering føresett kommunikasjon og møte, basert på kulturforståing, vilje,
toleranse og læring begge vegar, og minoritetane sjølve må vere sentrale aktørar for å
definere og gjennomføre integrering.

Kunnskapsbehovet i kommunane og samordningspotensialet er stort, og fylkeskommunen vil ta rolla som regional utviklingsaktør. Erfaringsdeling og kompetansebygging blir viktig. Fokus vil vere på etablering av sosiale nettverk og møteplassar, språkopplæring, kvalifisering til og deltaking i arbeidslivet, styrking av entreprenørskap blant innvandrarar og styrking av barnehagar og skular som integreringsarena.

Dei gjennomgåande perspektiva er nasjonalt prioriterte samfunnsomsyn som fylkeskommunen– og kommunane og statsetatane
– skal vurdere i alle planar og tiltak. Dei gjennomgåande perspektiva skal medverke til heilskapleg planlegging og tverrfagleg arbeid og legge grunnlag for at fylkeskommunen skal kunne vareta sentrale formål i plan- og bygningslova. Perspektiva skal vurderast for alle tiltaka i handlingsprogramma.

I løpet av dei siste åra har fleire av desse samfunnsomsyna også fått eigne lover. I 2011 fekk vi Folkehelselova og i 2013 kom Diskriminerings- og tilgjengelova. På miljøområdet har vi m.a. Forureiningslova, Naturmangfaldslova, Vassforskrifta og Akvakulturlova. To av desse omsyna er vurderte som så viktige i Regional planstrategi for 2016-2020 at dei har sine eigne regionale delplanar; folkehelse og klima og energi. Desse planane legg grunnlag for god oppfølging av desse viktige samfunnsomsyna.
I tillegg har folkehelse kome inn som del av innsatsområde kultur i denne planen. Det betyr ikkje at dette berre skal følgast opp
på kultursektoren – det betyr berre at kulturavdelinga koordinerer arbeidet.

Samfunnstryggleik og beredskap er også forhold som skal vurderast i alle planar og tiltak. Dette omsynet skal følgast opp i sektorane sine handlingsprogram og verksemdsplanar.

Fylkestinget vidareførar tre gjennomgåande perspektiv i fylkesplanen for 2017-2020:
• Klima og miljø
• Barn og unge
• Likestilling og inkludering

Klima og miljø

Natur- og kulturlandskapet i Møre og Romsdal er ein viktig ressurs for regional utvikling, og ein viktig faktor og ramme for sysselsetting, verdiskaping, busetnad og rekreasjon. Ein berekraftig arealpolitikk som tek omsyn til naturmangfaldet vil vere eit viktig verkemiddel for vidare utvikling i fylket. Alle avgjersler om lokalisering og utforming av næringsverksemd, bustader og infrastruktur vil påverke natur, energiforbruk og utslepp i lang tid framover. Paris-avtalen forpliktar Noreg til minst 40 prosent utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

Fylkeskommunen skal vere pådrivar for utvikling av miljøvenleg teknologi og vere med på å prøve ut berekraftige, framtidige teknologiløysingar.

Klimaendringane vil sette samfunnet vårt på prøve, og det er viktig at vi både førebur oss på endringane og gjer vårt beste for å redusere omfanget av dei. For å nå dette målet må alle bidra til eit endra forbruksmønster. Barn og unge skal skape framtidas samfunn, og skulen har ei viktig rolle i dette arbeidet.

Førebygging av naturfarar og andre uønskte hendingar er særleg viktig i eit fylke med slik topografi som Møre og Romsdal, og vi må ha beredskap som reduserer skadeverknadene om noko likevel skulle skje.

Oppfølginga av klima og miljø som gjennomgåande perspektiv blir knytt til handlingsprogrammet til Regional delplan for klima og energi. Klimaplanen tar opp tre utfordringar – korleis vi kan redusere utsleppa av klimagassar, korleis energibruken kan bli meir effektiv og med meir fornybar energi, og korleis vi kan tilpasse oss til klimaendringane.

Fylkesplanen skal bygge opp under målet i delplanen om at klimagassutsleppa i Møre og Romsdal skal, i forhold til utsleppa i 2009, reduserast med meir enn 10 prosent innan 2020.

Barn og unge

Barn og unge sin trivsel er viktig for framtidig busetting i fylket. Gode nærmiljø og moglegheiter til fritidsaktivitetar er naudsynt for å sikre barn og unge gode levekår, utviklingsmoglegheiter og trygge oppvekstmiljø.

Fylkeskommunen og kommunane pliktar å vareta barn og unges interesser i planlegginga. Kommunane har ei ordning med barnerepresentant – som fungerer varierande. Det er behov for klarare retningslinjer og innhald frå nasjonalt hald for ordninga. Fylkeskommunen vil prioritere opplæring av barnerepresentantane i kommunane.

Barn og unge skal kunne ta del i reelle politiske prosessar og få påverke sin eigen kvardag. Elevråd og ungdomsråd er viktige arenaer for demokratiopplæring. Ei fortsatt satsing på skolering og støtte til desse organa vil vere viktig framover.

Barn og unge er ei viktig målgruppe for dei fylkeskommunale tenestene og det er behov for godt tverrfagleg arbeid for å kunne koordinere og utvikle tilboda. To område som blir viktig framover er rådgivartenesta i vidaregåande skole og ei heilskapleg satsing på psykisk helse i skulen.

Likestilling og inkludering

Møre og Romsdal har lågare skår enn landsgjennomsnittet på 9 av 12 indikatorane i SSB sin likestillingsindeks. Arbeidsmarknaden er klart kjønnsdelt og det er eit tydelig kjønnsskille i jobbval, arbeidstid og løn. Fylkeskommunen vil prioritere tiltak som kan vere med å jamne ut desse skeivheitene.

Det er viktig å understreke at likestilling handlar om meir enn kjønn. Også eldre, funksjonshemma, innvandrarar og sårbare grupper er underrepresenterte på ei rekke samfunnsarenaer. Det må arbeidast for å inkludere desse gruppene i arbeids- og kvardagslivet. Både for den enkelte og for lokalsamfunna er det viktig å dra nytte av dei ressursane desse representerer. For innvandrarar er språkopplæring heilt sentralt her.

Det er grunnleggjande å oppnå likeverdige livsvilkår for personar med nedsett funksjonsevne mellom anna knytt til syn, hørsel,
bevegelse og allergiar. Dei fysiske tilhøva skal vere utforma slik at dei i så stor utstrekning som mogleg kan brukast av alle utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel.

Møre og Romsdal står ovanfor ei kraftig auke i delen eldre. Dette må takast omsyn til i fylkeskommunal- og kommunal planlegging, m.a. ved utdanning og rekruttering av helse- og omsorgspersonell. Gode transporttilbod og aktivitets- og kulturtilbod tilpassa eldre sine behov og ønsker er også viktig.

Kultur – drivkraft for regional utvikling

Regionar, både i Noreg og Europa, som har lukkast med å fornye og vitalisere samfunn og næringsliv, har knytt kulturutvikling saman med breie strategiar for kompetansebygging, verdiskaping og regional utvikling.

Kulturområdet skal vere ei drivkraft for å gjere store og små lokalsamfunn i Møre og Romsdal attraktive for innbyggarar og tilreisande. Vi skal ha eit aktivt kulturliv som skaper deltaking, opplevingar, tilhøyre, identitet og god folkehelse.

Kulturaktivitet, deltaking og oppleving i perspektiv av likeverd og inkludering for den einskilde må stå i sentrum. Kulturaktivitet- og
opplevingar er ein berebjelke for lokal identitet, trivsel og utvikling.

Kultursektoren er ei næring som skaper arbeidsplassar, skatteinntekter og etterspurnad frå andre aktørar. Betydeleg økonomisk verksemd er også direkte eller indirekte knytt til kulturaktivitet, gjennom t.d. tilskot, privat forbruk av kulturaktiviteter og kulturrelaterte varer og tenester. Økonomisk verdiskaping på kulturfeltet har store ringverknadar for samfunnet på grunn av samspelet mellom kultur, kulturelle næringar, bulyst og stadidentitet. Kulturtilbod og kulturverksemder bidreg til utvikling av attraktive lokalsamfunn for næringsutvikling, ein mangfaldig arbeidsmarknad, verdiskaping og busetting.

Kulturformidling

Møre og Romsdal har et variert kulturliv, og svært mange nyttar dei kultur- og fritidstilboda som er tilgjengelig. Kulturpendlinga er stor, og går i alle retningar i fylket. Tilboda i byane er likevel viktige trekkplastre. Å vidareutvikle kulturinstitusjonane vil vere viktig også i åra som kjem.

Kulturlivet består både av profesjonelle og frivillige aktørar. Kulturinstitusjonar, frie kunstnarar og kulturskulane er døme på det profesjonelle kulturlivet. Eit breitt spekter av frivillige organisasjonar tek i vare og utviklar store delar av kulturlivet i fylket, både på eigenhand og i samarbeid med det profesjonelle. Felles for suksessen til begge partar er tilgang på gode lokale for øving, produksjon og visning.

Folkehelse og fysisk aktivitet Det viktigaste folkehelsearbeidet skjer i lokalsamfunna der vi lever våre liv, og legg grunnlaget
for helsa vår. Deltaking i sosiale fellesskap, gode moglegheiter for fysisk aktivitet i nærmiljøet og sunt kosthald er viktige faktorar som påverkar helsetilstanden.

Idrett og friluftsliv er viktig for mange av innbyggarane sin livskvalitet. Møre og Romsdal har eit mangfald av idrettsanlegg og ei idrettsrørsle som er god både i topp og i breidde. Friluftslivet er i sterk vekst, særleg friluftslivet i nærleiken av der folk bur.

Bibliotek

Biblioteka skal vere ein formidlar av kunnskap og kultur, ein stad for oppleving og inkludering, ein offentleg debattarena og ein møteplass. Det moderne biblioteket skal vere ein digital ressurs og ein læringsstad. Forpliktande samarbeid mellom kommunar og fylkeskommune vil vere viktig for å kunne innfri samfunnsoppdraget.

Kulturarv

Møre og Romsdal har ei rik kulturhistorie, og kulturarven er viktig for å bygge identitet, fellesskap, skape attraktivitet og som grunnlag for næringsutvikling. Verdifulle kulturminne og kulturmiljø er samtidig ein ikkje-fornybar ressurs, både til kunnskap og opplevingar, og det er viktig å forvalte denne kulturarven gjennom representativt vern, god tilrettelegging og spennande formidling.

Frivillig engasjement

Frivillig engasjement er sjølve føresetnaden for fylket sitt kulturliv. Frivillige lag og organisasjonar gjev tilbod gjennom tilrettelagt aktivitet, kor glede, meistring, inkludering, rekreasjon og gode opplevingar er kjerneverdiar. Frivillig sektor vil framleis vere ein av dei mest sentrale aktørar for vidare regional utvikling.

Hovudmål kultur 2017-2020

 

  1. Frivillige lag og organisasjonar skal skape mangfald og engasjement i lokalsamfunna
  2. Utvikle, formidle og ta vare på kulturarven som kjelde til opplevelse, kunnskap og bruk
  3. Kunst- og kulturformidlinga skal vere allsidig, kunnskapsbasert, av høg kvalitet og for alle
  4. Nærmiljø og lokalsamfunn skal fremme god fysisk og psykisk helse
  5. Biblioteka skal vere aktive formidlarar av kunnskap og kultur, ein uavhengig møteplass og debattarena

Hovudmåla blir konkretisert med resultatmål og tiltak i Handlingsprogram kultur, som blir rullert årleg. Måla står ikkje i rangert rekkefølge.

Urbanisering og attraktivitet

Ein stadig større del av verdas befolkning bur i by. Denne urbaniseringstrenden gjeld og for Møre og Romsdal der det er byane og dei største tettstadane som veks i folketal. Skal Møre og Romsdal konkurrere om folk og funksjonar med resten av landet, må vi bygge attraktive byar og tettstader. Dei tre største byane Ålesund, Molde og Kristiansund har ein særskilt viktig regional rolle i sin region når det gjeld busetting, arbeidsplassar, kultur- og fritidsaktivitet, handel, samferdsel og utdanning. Også tettstader har regionale funksjonar det er viktig å utvikle.

Utvikling av attraktive byar og tettstader er komplekst. Men fylkeskommunen har fagfolk og virkemiddel innan planlegging, samferdsel, arkitektur, kultur og næringsutvikling, og vi har gjennomføringskraft både som planmynde, tenesteleverandør, utviklar av fylkeskommunale eigedomar og ved bruk av økonomisk støtte til utviklingstiltak.

Internasjonalt konkurransedyktig næringsliv

Næringslivet i fylket har basis i ressursbaserte næringar og industriell produksjon bygd på erfaringsbasert kunnskap. Bedriftene er i global konkurranse og må i stadig sterkare grad levere kunnskapsbasert produksjon og tenesteyting, og klimaendringar og digitalisering gjer at bedriftene vert utfordra på både omstillingshastigheit, nye produksjonsmåtar og forretningsmodellar. I tett samarbeid med næringsliv og akademia er det ved inngangen til fylkesplanperioden laga ein forsking- og innovasjonsstrategi
som gir retning for kva vi skal prioritere for å utløyse utviklingspotensialet framover.

Fleksibelt utdanningssystem og betre gjennomføring

Dynamiske regionar er prega av sterke kompetansemiljø, nyskaping og entreprenørskap. Oppvekst- og utdanningssystemet i Møre og Romsdal skal opplevast som attraktivt og godt tilrettelagt for brukarane, og skulane skal levere kompetanse som arbeidslivet har bruk for.

Krav til kompetanse i arbeidslivet har endra seg mykje dei siste tiåra, og dette gjer arbeidet med betre gjennomføring i den vidaregåande opplæringa svært viktig. I betre gjennomføring ligg både at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, men og at elevane fullfører med høgare kunnskapsnivå. Ein viktig føresetnad for å auke gjennomføringa er god tilgang til lære- og opplæringsplassar i privat og offentlege sektor. God karrierettleiing og rådgiving skal gi målgruppa innsikt i dei mulegheitene
som finst i arbeidslivet i fylket.

Tilpassa høgare utdanning er avgjerande for å sikre relevant kompetanse til arbeidslivet. Kunnskapsmiljøa i fylket bidrar til å løyse utfordringar i privat og offentleg sektor gjennom praksisnær forsking. Evna til å utvikle kunnskapen og ta den i bruk på nye område er avgjerande for utvikling av både eksisterande og nye næringar. Dette er med og auke konkurransekrafta og bidreg til etablering av nye kompetansearbeidsplassar i fylket.

Entreprenørskap – for omstilling og nyskaping

Entreprenørskap er viktig for å stimulere til nyskaping og omstilling i bedrifter og samfunnet i Møre og Romsdal. Forsking viser at sjansen for å starte eiga bedrift er større for dei som har vore gjennom entreprenørskapsundervisning i skulen. I Møre og Romsdal bør alle elevar og studentar ha tilgang til praktisk entreprenørskapsutdanning.

Møre og Romsdal har ei unik førstelinjeteneste, hoppid.no, som er ei heilskapleg satsing på nyskaping, frå skuleeleva til knoppskytingar retta mot globale marknader. Dette er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane, Innovasjon Norge og Fylkesmannen.

Berekraftig bruk av naturressursar gir verdiskaping

Møre og Romsdal skal ha ein berekraftig bruk av naturressursane og gjennom det skape grunnlag for verdiskaping der vi har våre fortrinn. Dei naturgitte fortrinna til Møre og Romsdal er i hovudsak knytt til nærleiken til havet og dei ressursane som finst der, men fylket har også store ressursar innan grøne næringar. God forvaltning og effektiv bruk av ressursane i havrommet har gjort regionen til eit marint og maritimt tyngdepunkt. Møre og Romsdal har òg stor næringsmiddelproduksjon og er eit stort skogfylke. I skjeringspunktet mellom blå og grøn sektor ligg det potensiale for å kople ulike kunnskapsstrømmer og utløyse meir verdiskaping basert på naturressursane.

Hovudmål kompetanse og verdiskaping

  1. Møre og Romsdal skal ha attraktive byregionar og tettstadar
  2. Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv
  3. Møre og Romsdal skal ha levande lokalsamfunn med lokalt forankra næringsliv og gode bu- og oppvekstmiljø
  4. Møre og Romsdal skal ha eit fleksibelt utdanningssystem som møter utfordringane i arbeidslivet og fører til verdiskaping, nytenking og inkludering
  5. Møre og Romsdal skal ha betre gjennomføring i vidaregåande opplæring
  6. Møre og Romsdal skal ha ein berekraftig bruk av naturressursane Hovudmåla blir konkretisert med resultatmål og tiltak i Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping, som blir rullert årleg. Måla står ikkje i rangert rekkefølge.

Hovudmåla blir konkretisert med resultatmål og tiltak i Handlingsprogram kompetanse og verdiskaping, som blir rullert årleg. Måla står ikkje i rangert rekkefølge.

Samferdsel – nøkkel til vekst og årsak til miljøbelastningar og risiko

God samferdsel er ein føresetnad for både økonomisk vekst og velferdsauke i samfunnet. Utvikling av det totale samferdseltilbodet
er ein nøkkel for å utvide og styrke bo- og arbeidsmarknadsregionane. Samstundes inneber transport store miljøbelastningar og stor risiko som må minimerast.

Kollektivtrafikk

Eit av dei viktigaste ansvarsområda fylkeskommunen har innanfor samferdsel, er utvikling og drift av heile kollektivtilbodet, både på innkjøp og inntektssida frå 2017. Eit godt samanhengande kollektivtilbod er ein av nøklane for å nå eit samfunn med lågare klimautslepp, betre arealbruk og meir effektiv transport. Modernisering av tilbodet gjennom t.d. nettbetaling, mobilløysingar og sanntidsinformasjon m.m. skjer gjennom merkevara FRAM. Tilbodet i byane må aukast gjennom høgare frekvens, effektive trasear og framkome, gode haldeplassar og terminalar. Fleksible tilpassa tilbod er viktig i distrikta.

Ferjetrafikken

Ferjetrafikken har sterk vekst, og veks meir enn vegtrafikken. Det er kapasitetsproblem i rushtrafikken på fleire samband. Utfordringa er å få auka økonomiske rammer til å betre ferjetilbodet på fleire strekningar for å gi dei reisande eit betre tilbod. Den høge trafikken kan gi grunnlag for solide inntekter når tilbodet er godt tilpassa etterspørselen. Her ligg det og moglegheiter i å nytte takstsystemet til å styre trafikkstrømmane, og stimulere til meir miljøvennlege reisevaner. Det er viktig framover å legge gode og framtidsbaserte analysar til grunn i anboda, som også kan danne grunnlag for endra inntektssystem på ferje, som i større grad tek omsyn til trafikkmengdene. Nye billetteringssystem er under utvikling nasjonalt. I tillegg er det behov for nye ferjer fordi deler av ferjeflåten er utdatert.

Transportsystem på veg

Transportsystemet på veg må utviklast både gjennom investeringar i nybygging og utbetringar, og gjennom framtidsretta vedlikehald og drift som medverkar til effektivt og trygt framkome. Vedlikehaldsgapet på veg er stort, berekna til minst 5,6 milliardar kroner på fylkesvegnettet, og er størst på tunnelane, bruene og ferjekaiene. Det må større økonomiske rammer og nye modellar for drift- og vedlikehald på plass for å løyse dette. Tilrettelegging for dei mjuke trafikantane er svært viktig, både ut frå eit miljøperspektiv, folkehelseperspektiv og i forhold til arealbruk.

Miljøutfordringar

Totale utslepp av klimagassar i Norge frå samferdsel aukar stadig, og Møre og Romsdal er ikkje noko unntak. Skal klimamåla bli innfridd, må det arbeidast målretta i samferdselssektoren. Det å få fleire til å reise kollektivt, sykle og gå, vil vere eit viktig bidrag til å få ned utsleppa, og her er det spesielt i byane vi kan skape endringar som gir effekt. God og samordna areal- og transportplanlegging er systemarbeid det er viktig å lukkast med over tid, også med tanke på bevaring av biologisk mangfald. I tillegg kan teknologiutviklinga hjelpe oss gjennom utslippsfri framdriftsteknologi, og intelligente transportsystem (såkalla
ITS) som kan gi ein meir saumlaus og barrierefri transport av både personar og gods.

Trafikktrygging

Fylkeskommunen har ansvaret for ulykkessituasjonen på fylkesvegar og -ferjer, og arbeider med trafikktrygging i form av haldningsskapande arbeid og med fysisk tilrettelegging. Ulykkessituasjonen svingar i forhold til tal drepne og hardt skadde per år, men tendensen er ein nedgang over tid. Haldningsarbeid, spesielt mot unge, samt fysisk trafikksikker utforming av vegnettet ser ut til å gje gode resultat. Dette arbeidet må utviklast vidare.

Hovudmål Samferdsel

Også i denne planperioden vil Samferdsel ha ein lengre planhorisont enn fylkesplanen, fordi måla for Samferdsel byggjer på Handlingsplan Samferdsel 2013 – 2022. Måla for innsatsområdet er som følgjer:

  1. Kollektivandelen skal aukast, og tilbodet skal vere attraktivt, effektivt og tilpassa kundegrunnlaget
  2. Moglegheitene i ferjetrafikken skal utnyttast og tilbodet skal ha tilpassa kapasitet og enkle betalingsløysingar
  3. Transportsystemet skal utviklast og haldast ved like, samt vere effektivt, tilgjengeleg og trafikksikkert for alle typar trafikkantar
  4. Transportsektoren skal omstillast mot eit samfunn med lågutslepp og overgang til fornybar energi, og negative miljøkonsekvensar skal minimaliserast
  5. Ferjeavløysing kan vurderast på alle fjordkryssingar, då fastlandsamband både er samfunnsnyttige og skapar vekst og utvikling i samfunnet generelt
  6. Transportulykker med drepne og hardt skadde skal reduserast ytterlegare - ned mot det nasjonale målet om under 350 personar i 2030
  7. Gang- og sykkelvegnettet skal byggjast ut som eit verkemiddel for å betre framkomme, trafikksikring, folkehelse og klima

Hovudmåla blir konkretisert med resultatmål og tiltak i Handlingsprogram samferdsel, som blir rullert årleg. Måla står ikkje i rangert rekkefølge.

Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020 skal følgjast opp og konkretiserast gjennom handlingsprogram for kvart innsatsområde. Desse skal rullerast årleg. Handlingsprogramma skal sikre god samanheng mellom plan, verkemiddel
og gjennomføring. Det inneber at handlingsprogramma blir tett kopla med økonomiplanen og budsjett.

Gjennomføring av planen er avhengig av eitt breitt samarbeid mellom mange partar. Skal planen vere eit verktøy for regional utvikling må den kople saman ulike sektorar, forvaltingsnivå, verkemiddel og aktørar.

Handlingsprogramma til Fylkesplan 2017-2020 skal utarbeidast i partnarskap mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen og statlege
etatar på regionalt nivå, kommunar, næringsliv, forskings- og utdanningsinstitusjonar, kulturlivet og andre partar. Desse bør og vere kopla på ved den årlege rulleringa av handlingsprogramma.

Dei overordna prioriteringane i fylkesplanen vil på same måte som handlingsprogramma bli følgt opp gjennom samarbeid og i nettverk med andre samfunnsaktørar. Det vil i planperioden både bli utvikla og gjennomført eigne prosjekt innafor desse områda, samt at dei vert prioritert i dei ulike sektorane fylkeskommunen har ansvar for. Fylkeskommunen skal ha ei koordinerande rolle.

Dei gjennomgåande perspektiva skal følgjast opp i handlingsprogramma ved at det for kvart tiltak skal markerast kva gjennomgåande perspektiv som må takast omsyn til. Handbok for arbeidet med dei gjennomgåande perspektiv vil bli oppdatert. Universell utforming og folkehelse vil framleis vere med her som eige tema. Denne vil m.a. bli nytta i opplæring i saksbehandling. I samband med revidering av planen er det nedsett interne tverrfaglege arbeidsgruppe for likestilling/inkludering og barn og unge, koordinert av plan- og analyseavdelinga. Arbeidsgruppene vil ha jamlege møte for å følgje opp dei gjennomgåande perspektiva.

Det vil bli utarbeidd eit forenkla sett med måleindikatorar for å kunne vurdere i kva grad måla er nådd ved slutten av planperioden.

NamnAnsvarsområdeE-postTelefon
Ingunn Bekken SjåholmPlan- og analyseingunn.bekken.sjaholm@mrfylke.no71 28 02 46
Gry HalvorsenPlan- og analysegry.halvorsen@mrfylke.no71 28 02 65
Carina StokkeKulturcarina.stokke@mrfylke.no71 28 02 92
Kariann D. FlovikholmKompetansekariann.dimmen.flovikholm@mrfylke.no71 28 03 80
Cecilie Kristengård BuåsKompetansececilie.kristengard.buaas@mrfylke.no71 28 03 67
Øyvind TvetenVerdiskapingoyvind.tveten@mrfylke.no71 28 03 57
Janne LønsethagenSamferdseljanne.lonsethagen@mrfylke.no71 28 04 85

 

Dokumenter