Regional planstrategi

Regional planstrategi (RPS) er fylkeskommunen sin overordna plan. Her gjer vi val som påverkar utviklinga i Møre og Romsdal. Dokumentet styrer korleis vi prioriterer ressursane våre i økonomiplan og budsjett, og skal ligge til grunn for både statleg og kommunal planlegging i fylket.

Strategien gir ei oversikt over dei største utfordringane og moglegheitene for fylket framover, langsiktige mål og kva planar vi  skal ha for å møte desse.

Den inneheld ei oversikt over kva samfunnsområde vi skal lage eigne planar for og for korleis vi skal involvere innbyggarane, kommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar i dette arbeidet. 

Den viser også til nasjonale forventningar for den regionale planlegginga og korleis vi skal ta omsyn til desse i Møre og Romsdal.

I arbeidet med RPS vil vi skal involvere andre aktørar som strategien vil ha betydning for. Det er viktig med lokal erfaring og kunnskap frå ulike partar for å få ei felles forståing og einigheit om kva som er hovudfordringane i regionen, og kva utfordringar som bør prioriterast. Medverknad i RPS er lovpålagt.

Den skal utarbeidast for kvar valperiode, vedtakast av fylkestinget og godkjennast av Kongen.

Dokumenter