Denne erklæringa gjer greie for Møre og Romsdal fylkeskommune si behandling av personopplysningar.
Personopplysningsloven inneheld regler om korleis personopplysningar som samlast inn vil bli behandla, herunder korleis dei blir sikra, kven som har tilgang og om de kan utleverast til andre.
Offentleglova med forskrifter inneheld reglane for når eit dokument er offentleg, og når ein kan gjere unntak for offentlegheit. Fylkeskommunen praktiserer meiroffentlegheit, som inneber at vi prøver å vere mest mogeleg opne for innsyn frå omverda.
Forvaltningslova inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka din vil bli behandla i fylkeskommunen. Som part i saka har du særskilte rettighetar, bl.a. om innsyn i sakens dokumenter.
Arkivlova inneheld regler for korleis ulike dokument skal oppbevarast, herunder om lagring i arkivinstitusjon.
Helseregisterloven inneheld regler om på kva måte helseopplysningar som samlast inn vil bli behandla, herunder korleis dei sikrast, kven som har tilgang og om dei kan utleverast til andre.
Etter personopplysningsforskrifta er alle verksemder som behandlar personopplysningar pliktige til å utarbeide eit internkontrollsystem.
Møre og Romsdal fylkeskommune har eit slikt internkontrollsystem.
Fylkeskommunen samlar vanleg besøksstatistikk for sine nettsider ved hjelp av analyseverktøyet Google Analytics. Opplysningane blir berre nytta i samanheng med drifta og vidareutvikling av fylkeskommunens nettsider.
I tråd med vanlig praksis på Internett registrerast brukaranes IP-adresse av nettstaden mrfylke.no. Fylkeskommunen har valt å nytte eit script som tar vekk dei siste sifra frå din IP-adresse før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjør at analyseverktøyet kan anslå brukaranes geografiske plassering, men adressa kan ikkje nyttast for å identifisere den enkelte. Opplysningar som Google mottar er underlagt deira retningsliner for personvern.
Del/tips-tenesta kan brukas til å vidaresende tips eller dele artiklar frå våre heimesider. Opplysningar om tips blir ikkje lagra, men tipset leggas inn hos det eventuelle nettsamfunnet du vel. Korleis det aktuelle nettsamfunnet som handterer opplysningane vidare, reguleras av din avtale med nettsamfunnet.
Om du nyttar tenesta til å sende lenke via e-post lagrar vi ikkje e-postadressene du sender til eller andre opplysningar du legg inn.
E-post er ikkje ein sikker kanal for informasjonsutveksling, då informasjon kan kome på avvege. Vi oppmodar difor til ikkje å sende sensitive eller fortrulege opplysningar til fylkeskommunen per e-post.
Påmeldingsskjema på som blir nytta til ulike konferansar, kurs o.a. som blir arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune er kryptert (SSL). Det er berre arrangør, nettredaktør og administrator som har tilgang til dei opplysningane du sender inn til fylkeskommunen via påmeldingsskjemaet. Opplysningane blir berre nytta til administrasjon av arrangementet, og dei blir sletta når arrangementet er avvikla.
Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunne nytte løysingane i forhold til elektroniske søknadsskjema/påmeldingsskjema. Du må då vende deg til fylkeskommunen på anna måte.
Samtykke som er gjeve, kan når som helst trekkast tilbake, og fylkeskommunen vil då avslutte den aktuelle behandlinga av personopplysningane.
Det er høve til å be om innsyn i kva behandling av personopplysningar fylkeskommunen gjer. Du kan og når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg. Jf. personopplysningslovas §18.
Dersom du finn at opplysningane om deg er unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane retta/sletta. Jf. personopplysningslovas §§ 27 og 28.
Når det ikkje lenger er behov for personopplysningane vil dei bli sletta i tråd med regelverket.
Har du krav om innsyn, retting/sletting av opplysningar, eller anna som gjeld fylkeskommunen sin behandling av personopplysningar ta kontakt med oss per e-post post@mrfylke.no eller
Møre og Romsdal fylkeskommune,
Fylkeshuset,
6404 Molde
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.