Rettleiing - kommentarfelt sosiale medium

Rettleiiing for bruk av kommentarfelt på våre sosiale medium 

Vi set pris på at du engasjerer deg og kommenterer på stoffet vi publiserer på våre sosiale medium. Her finn du rettleiing for bruk av kommentarfeltet. 

Vi ønsker deg velkommen som brukar av kommentarfeltet på facebooksida vår!  

Vi set pris på at sakene vi publiserer bidrar til engasjement og diskusjon. Det skal vere god takhøgde for ulike meiningar og perspektiv i debatten, men vi ønsker ein sakleg debatt med argument og motargument, og ikkje personangrep. Vi ber om at alle brukar god folkeskikk og avstår frå personangrep og sjikane i kommentarfeltet.  Vi slettar innlegg som bryt debattreglane våre. 

Vi vil ikkje tillate: 

  • Krenkande kommentarar og personangrep 
  • Overdriven bruk av ufint språk og banning 
  • Lovbrot eller oppmodingar om det 
  • Spamming og eller overdriven bruk av lenking til anna innhald 
  • Usaklege avsporingar frå temaet som blir presentert i innlegget 
  • Reklame eller lenker som verker salgsfremmande 
  • Lenker til innsamlingsaksjonar 
  • Diskriminering av kjønn, seksuell legning, etnisitet eller religion 
  • Truslar mot enkeltpersonar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar 
  • Offentleggjering av namn utan at det er ei rimelig grunn til det 
  • Personforfølging 
  • Sjikane av enkeltpersonar eller grupper 

For å kommentere skal du skrive under eige namn.  

Desse reglane gjeld også for meldingar som blir sendt i innboks. Kjem det meldingar som bryt med reglane vil dei bli sletta. 

Vi driv ikkje med saksbehandling i sosiale medium. Vi kommenterer ikkje enkeltsaker som er omtalt i media. 

Du er sjølv er juridisk ansvarleg for det du skriv i kommentarfeltet vårt. Om du skriv ting som bidrar til ærekrenking, øydelegg privatlivets fred, inneheld truslar eller hatefulle ytringar, kan du bli rettsleg forfølgt for dette, sjølv om vi slettar innlegget i ettertid. 

Vi kan ikkje gi deg noko kjeldevern dersom det du skriv bryt med norsk lov. Debattane våre er opne for alle, og det du skriv hos oss er ei offentleg ytring. 

Meld frå  

Gi oss gjerne for tips og tilbakemeldingar om innlegg som bryt med retningslinjene våre, slik at vi kan gå inn og sjekke. Send på e-post til info@mrfylke.no 

Snarvegar