E-læringskurs om berekraft

For å styrke arbeidet med berekraft, er det viktig at alle har ei felles forståing for kva berekraft og FNs bærekraftsmål er, og korleis ein kan bidra til berekraftig utvikling. 

Kvinne som ser utover landskap. Logo av bærekraftsmålene på himmelen.

Dette berekraftskurset vil gi deg ei grunnleggande innføring i kva berekraftig utvikling er, og kva status for FNs berekraftsmål er i Møre og Romsdal. Du får også forslag til korleis din organisasjon kan ta konkrete grep for å bidra til berekraftig utvikling. Målet med kurset er at alle skal ha ei felles forståing for kva berekraftig utvikling omhandlar og korleis det er relevant for oss i Møre og Romsdal.

Kurset er delt i 8 leksjonar. Det har ein introduksjonsdel om berekraftsbegrepet før ein i dei neste fem delane får djupare innsikt i dei enkelte berekraftsmåla. Vidare er det laga ein leksjon om målkonfliktar. Til sist kjem ei oppsummering med 5 viktige punkt å ta med seg vidare. Vedlagt finn ein også støttemateriell ein kan bruke for refleksjon og diskusjon i eigen organisasjon knytt til kvar leksjon. 

Kvar leksjon vil ta ca. 5 minutt å gjennomføre.

Følg denne lenka for å komme til kursportalen.

Dokumenter

Kontakt