Digital innovasjon og klimatilpassing med Kristiansund i leiande posisjon
Den 19. til 20. oktober 2023 vart alle samarbeidspartnarane i EU-prosjektet CREST samla til ein verkstad i Bordeaux. Kristiansund deltar aktivt i prosjektet, saman med Møre og Romsdal fylkeskommune, samt byane Kołobrzeg i Polen og Bordeaux i Frankrike.
Kristiansund løfta fram som eit førebilete
Hovudmålet med verkstaden var å evaluere resultat frå ei spørjeundersøking der innbyggjarane i dei deltakande byane deltok i oktober. I Kristiansund fekk innbyggjarane høve til å dele sine synspunkt på klimaendringar som vil påverke dei sjølve og kommunen i framtida. Spørsmåla handla om korleis Kristiansund handterer dagens utfordringar og kva forventningar innbyggjarane har til kommunen i framtida. Kristiansund legg stor vekt på politisk medverknad, som hittil har involvert ei digital folkeundersøking kalla "Kor motstandsdyktig er din kommune mot klimaendringar?". Her kunne innbyggjarane dele meiningane sine om klimaendringar i dag, identifisere framtidige risikoar og kome med forslag til forbetringar og tiltak.
- Kristiansund kommunes innsats blei løfta fram som eit førebilete på verkstaden. Det har vore stort engasjement frå innbyggjarane, og klimatilpassing er eit tema som angår mange. CREST er eit døme på korleis innbyggjarane kan involverast for å påverke korleis det blir å bu i Kristiansund i framtida, seier Ingrid Gjelsvik frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Neste steg vil vere i november, når fokusgrupper med ekspertar frå ulike fagområde vil diskutere oppfatta truslar og dei mest sårbare stadene og strukturane i byen.
Opplæring i bruk av digital tvilling
Svara frå spørjeundersøkinga og fokusgruppene vil bli nytta i arbeidet med å lage ein digital tvilling - ein 4D-modell av Kristiansund som vil vise effekten av klimaendringar i ulike scenario. Digitale tvillingar gjer det mogleg å skape heilskaplege visualiseringar av ulike data frå verkelegheita og blir stadig oftare nytta som eit verktøy for å sikre effektiv beslutningstaking og ressursbruk. Under verkstaden i Bordeaux fekk alle deltakarane høve til å lære seg å bruke dette verktøyet.
Teknologien er utvikla av AugmentCity i Ålesund, som har lisensiert det for bruk i samarbeidsbyane.
CREST er eit EU-finansiert prosjekt med mål om å utvikle nye digitale verktøy som kan hjelpe kystbyar med klimatilpassing. CREST høyrer til EU-programmet JPI Urban Europe og har sju prosjektpartnarar frå Noreg, Polen og Frankrike. Prosjektperioden varer frå april 2022 til april 2025, med eit totalbudsjett på 1.150.079 euro. Møre og Romsdal fylkeskommune sitt budsjett er på 99.000 euro. Verdas byar står for omtrent 75% av dagens globale klimagassutslepp, hovudsakleg frå transport- og byggesektoren. Samstundes står byar ovanfor store utfordringar knytt til klimaendringar. Kystbyar er spesielt sårbare for stigande havnivå og ekstremver som flom og storm, noko som kan ha negative konsekvensar for alt frå infrastruktur og bustader til levebrødet til innbyggjarane og folkehelsa (FNs miljøprogram, 2020). |