Entreprenør utfordra kommunen og sørga for at det blei solcellepanel på taket

På taket av den nye brannstasjonen i Herøy er det montert 450 kvadratmeter solcellepanel. Det ville truleg ikkje skjedd utan innspel utanfrå.

Skriv ut
  • I ein serie artiklar skriv vi om Berekraftfylket Møre og Romsdal
  • Skal vi nå FN sine berekraftmål om å utrydde fattigdom, motverke ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030, må vi ta tak på heimebane; innbyggarar, bedrifter, kommunar, fylkeskommune og Staten
  • Vi skriv om noko av det som er gjort, og kva som skal gjerast 
  • Berekraftfylket Møre og Romsdal er eit initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommunen om ei felles regional satsing på berekraft
  • Målet er at satsinga innan 2030 skal bidra til eit koordinert og metodisk krafttak for å nå FN sine 17 berekraftsmål
  • Alle kommunar i fylket er med i satsinga og har kartlagt status på berekraft gjennom FN-programmet U4SSC – United for Smart Sustainable Cities
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har valt ut seks satsingsområde:
    1. Sirkulær økonomi
    2. Smart og berekraftig vann- og avløp
    3. Lokalmat og mattryggleik
    4. Fattigdom og sosial inkludering
    5. Digitalisering av offentleg sektor
    6. Byggsertifisering

Idéen til kraftproduksjon på det nye bygget på Eggesbønes kom frå entreprenøren, som utfordra kommunen, fortel kommunalsjef samfunnsutvikling i Herøy kommune, Ane Malene Søvik Nygård:

- Eg trur ikkje solcellepanel ville vore aktuelt i dette byggeprosjektet utan innspel frå entreprenør. Men etter kvart som det har blitt meir fokus på berekraft, og klimaomstillingar og klimatilpassingar i aukande grad har blitt eit tema, så er solcellepanel blant det som vi vil vere meir merksam på i framtidige prosjekt, seier Nygård.

- Vi må bli utfordra

Ho håper at kommunen i større grad enn før blir utfordra i komande prosjekt. 

- Kommunane har ganske store investeringsbudsjett, og i det ligg det store forventningar til oss. Men vi har ikkje nødvendige ressursar og kompetanse på klimatiltak, og då er vi i større grad nøydde til å bli utfordra av dei vi skal kjøpe tenester ifrå, om korleis vi skal løyse oppgåvene. Det eine er miljøkrava, men det å bli utfordra på nye måtar å løyse oppgåver på, er vel så viktig, seier kommunalsjefen.

- Er det økonomi eller ønske om å bidra for miljøet som er drivkraft for ei slik investering?

- Det er todelt, tenker eg. Det er alltid eit spørsmål om økonomi, og når det er økonomisk lønsamt, så er det lett å velje. Men kommunen må i større grad enn før bli utfordra på klimavenlege løysingar. Vi opplever at det raskare blir stilt krav til privat næringsliv enn det blir til oss.

Klimaplan

- Kva kan din kommune bidra med for at vi skal nå FN sitt mål innan 2030? 

- Vi held på å ferdigstille ein klimaplan, som er litt ulik klimaplanane vi har laga tidlegare. Vi har opplevd at planane i for stor grad er matematiske reknestykke. Men til sjuande og sist handlar det om forbruk og haldningsendring; å vere ein bevisst forbrukar og ein bevisst bestillar av produkt. Då vil ein bidra til å endre haldningar.

- Vi ser at i det store reknestykket som gjeld lokalsamfunnet vårt, så er utsleppa som kommunen står for forsvinnande små. Det er på energisida vi har føresetnad for å gjere ein forskjell. Men generelt må vi gå førre som eit godt eksempel, og legge til rette for utviklinga som kjem – spesielt i forhold til næringslivet, seier kommunalsjefen.

Meir bevisst kommune

Ho seier at Herøy kommune er blitt meir bevisst berekraft i nye prosjekt:

- Vi ser at ventilasjon i gamal bygningsmasse har mykje å seie for varmegjenvinning og kor mykje ein får ut av kvar kilowattime. Med klimaendringane må klimaanlegg kunne kjøle ned, ikkje berre ha oppvarming. Og vi ser potensial i avfallshandteringa i nye prosjekt, som kan løysast på andre måtar enn i dag.

Kommunalsjefen meiner kommunen har potensial i å utnytte sirkulærøkonomien:

- Når nokon har behov for møteromsmøblar, så sender vi melding ut i eigen organisasjon og spør om nokon har noko til overs, framfor å bestille nytt. Det er ikkje sikkert at ein skal kjøpe nytt, men heller bruke om igjen det ein har frå før av.

264 solcellepanel

Då Nye Herøy brannstasjon stod ferdig våren 2021, var delar av taket dekt av til saman 264 solcellepanel, som kvar har ein effekt på 320 watt.

- Vi ser frå oversikta frå desember at straumforbruket var på 90.000 kWh, og solcellepanelet hadde produsert 53.000 kWh. Det er ei investering som ber seg på kort sikt fordi kraftprisane er så høge, seier Nygård.

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.