Siste nytt frå berekraftfylket

20-21. april fant ein vårleg utgåve av nyttårskonferansen stad i Molde. Nyttårskonferansen er ein møteplass for toppleiing frå offentleg sektor. Det var her berekraftfylket i sin tid blei lansert i 2020. Berekraft var tema også i år, og vi nytta anledninga til å stake ut vegen vidare, invitere til konkrete fellesprosjekt og utfordre på nokon område. 

Skriv ut

Satsingsområda for berekraftfylket den neste tida kjem fortsett til å vere sirkulær økonomi, lokalmat og mattryggleik og smart og berekraftig VA sektor. I tillegg kjem vi til å ha eit tydelegare fokus på miljødimensjonen fordi dette område ikkje blir dekka så godt av kommunekartleggingane.

Organisatorisk blei det løfta fram behov for litt meir struktur og forankring. Vi kjem til å vurdere å etablere fagnettverk knytt til satsingsområda og ei styrings- eller referansegruppe som kan bidra med innspel for vidare arbeid.

Det blei lansert fleire felles mål, tiltak og utfordringar både av oss og andre i programmet. Under finn du ei oppsummering av dei viktigaste punkta:

Lansering av e-læringskurs om berekraft

Her finn du meir info om kurset og lenke for gjennomføring. Vi oppfordrar alle kommunar å gjennomføre kurset med sine tilsette for å auke bevisstgjering og kunnskap kring berekraft i eigen organisasjon.

Utvikle ei felles rammeavtale for leasing av el-syklar

Fylkeskommunen ønsker å invitere offentlege aktørar i fylket med på eit felles prosjekt. Ei felles rammeavtale for leasing av el-syklar vil gje tilsette moglegheit til å lease ein el-sykkel gjennom arbeidsgivaren sin og gjere nedbetaling/utkjøp via trekk i løn over tid. Ein konkret førespurnad om interesse for deltaking kjem seinare.

Berekraftig mathandtering- og servering

Alle deltakarane på konferansen blei utfordra til å gjere eit tiltak som bidrar til meir berekraftig mathandtering- og servering. Treng du inspirasjon til å kome igang med dette kan du bli med på berekraftsfredag i det nasjonale berekraftsnettverket 20. mai der tema er berekraftig mat. Info om dette vil bli lagt ut på KS sine nettside.

Utforda til å gjere ei sirkulær anskaffing

Statsforvaltaren utfordra alle kommunar i fylket til å gjere ei sirkulær anskaffing innan nyttårskonferansen 2023. Vi kjem til å invitere til ei felles digital samling for å auke kompetansen kring sirkulære anskaffingar og inspirasjon til kva ein kan ta tak i.

Husbanken utfordra kommunane til å ta tak i bustadproblematikk for låginntektsfamiliar

Bruken av startlån varierer betydeleg mellom kommunane i Møre og Romsdal. Det er fortsett eit potensiale for at fleire innbyggarar kan bli bustadeigarar. Det er ca. 400 familiar med barn som har vedvarande låg inntekt. Å gå frå leid til eid bustad viser seg ofte å vere økonomisk gunstig - både for husstandane og for kommunen. Husbanken har fortsett tilgjengelege midlar til startlån. Ta gjerne kontakt med Husbanken for å diskutere moglegheita for bruk av startlån.

Oppfordrar til bruk av tilskotsmidlar for kartlegging i VA-sektoren

NVE har ei tilskotsordning for kartlegging av kritiske punkt i bekkar og bratte vassdrag som kommunane kan søke på. Kommunar som deler nedslagsfelt blir oppfordra å samarbeider om kartleggingar. Kartverket har starta arbeid med etablering av temakart for dreneringslinje, og vil ha stor nytte av gode kartleggingar i kommunane.

Lansering av rapporten «Ungt utanforskap i Møre og Romsdal»

I rapporten er det mellom anna skrive om risikofaktorar for utanforskap. Her finn du rapporten.

 

Her finn du opptak av heile konferansen.

Kontakt