Innovasjonpartnarskap om nye bruløysingar

Prodtex AS og Aas-Jakobsen AS fekk i oppdrag å utvikle nye, innovative måtar å bygge bruer på. Løysingane dei kom fram til er både billegare, har betre kvalitet, kortare byggetid og eit lågare CO2-avtrykk.

Løysingane legg til rette for ei industrialisering av både betong- og stålbrubygging.

- Totalt sett er resultata frå prosjektet svært oppløftande, er konklusjonen i rapporten frå Ulstein-selskapet Prodtex AS. Prodtex har beskrive korleis ei stålbru kan bli bygd ved hjelp av moderne produksjonsteknologi i lokalt etablerte stålfabrikkar. Samtidig har dei utvikla sveiseteknologi for å vise at laserhybridsveis er betre egna enn tradisjonell MIG-sveis.

- Ei gåvepakke til betongelementindustrien, meiner Stein Fergestad i Aas-Jakobsen AS om rettleiaren dei har laga for prosjektering og bygging av segmentbru i betong for spennvidde frå 35 til 60 meter. Arbeidet dei har gjort opnar for produksjon av segmentbru i Noreg.

Eitt års arbeid

Startskotet gjekk i oktober i fjor etter at Møre og Romsdal fylkeskommune inngjekk avtalar om to innovasjonsprosjekt for bygging av bruer i framtida. Prosjektet blei gjort mogleg ved hjelp av kompetanse frå Nasjonalt program for leverandørutvikling og med økonomisk støtte frå Innovasjon Norge.

Prodtex: Raskare og rimelegare

Tore Roppen i Prodtex AS seier at dei er stolte over at dei saman med Dr techn Olav Olsen AS og Norconsult vann konkurransen om å få utvikle ny design og produksjonsteknologi for bruer i sterk konkurranse med eit kompetent norsk designmiljø.

- Utviklingsprosjektet har hatt ny bru til Nerlandsøya som oppgåve. Vår utreiing viser at vi kan bygge brua raskare og betydeleg rimelegare enn tradisjonelle alternativ. Vi er glade for at testar og design som er laga i prosjektet samsvarar med tekniske krav i handbøker, og at produksjonsmetode er bekrefta gjennom å ha levert vår første bru til Statens vegvesen. Vi hadde håpa å gå vidare frå design og godkjenning, til bygging av Nerlandsøybrua, slik intensjonen var i denne kontrakten, seier Roppen.

Han seier vidare at dei er takknemlege for at administrasjonen og politikarane tok initiativ til å starte prosjektet.

- Det er viktig at fylket brukar rommet som finst i innkjøpsreglementet til å forbetre prosessar. Lokal kortreist produksjon er eit viktig miljøtiltak og bidreg også til bygging av lokal industri som igjen gir nye arbeidsplassar og inntekter til fylket, seier Roppen.

Aas-Jakobsen: Tilpassa Noreg

Også Stein Fergestad i Aas-Jakobsen AS meiner at resultata av innovasjonspartnarskapet kan kome samfunnet til gode. Dei har sidan 1993 planlagd segmentbruer i utlandet, og med hjelp av Møre og Romsdal fylkeskommune ligg det no til rette for kven som helst å starte produksjon i Noreg.

- Vår løysing legg til rette for at produksjonen skjer i fabrikkområdet, og innandørs. Ei industrialisering av bruproduksjonen er økonomisk tilpassa landet vårt, er meir tilpassa ei norsk arbeidsstyrke og meir miljøvenleg. Det er litt av fordelen med løysinga. Men det ligg og eit element og ein moglegheit til litt billegare bru, betre kvalitet og kortare byggetid, seier Fergestad.

Bakgrunnen for prosjektet

Bakgrunnen for innovasjonsprosjektet var at Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok å redusere investeringskostnadane for bruer med 200 millionar kroner for perioden 2018-2022 og ytterlegare 200 millionar kroner for perioden 2022-2027. Samtidig er etterslepet for drift og vedlikehald for perioden 2018-2027 berekna til 1,3 milliardar kroner.

«Fylkeskommunen har behov for å utvikle framtidens bruer og rehabilitere dagens bruer med nye og mer effektive metoder, som gir fylkeskommunen vesentlig økonomisk gevinst, for på denne måten å løse samfunnsutfordringen som etterslep på tyngre vedlikehold/fornying og behovet for bygging av nye bruer gir», skreiv Møre og Romsdal fylkeskommune då den formidla behovet for potensielle partnarar.

9 mill. til nye løysingar

Det blei sett av inntil 9 mill. kroner til utvikling av nye løysingar

21. august inviterte vi til marknadsdialog med potensielle leverandørar og fagmiljø, som kunne utvikle og levere løysingar til bruer over 40 meter som er rimelegare å bygge og vedlikehalde enn dagens konvensjonelle løysingar.

Les meir om arrangementet og sjå alle presentasjonane frå foredragshaldarane her.

Dokumenter

Kontakt