EU-prosjekt for mobilitet av ungdom og tilsette i vidaregåande opplæring og fagskolen 2018-2021

Ferdigheiter for framtida 2018-2020


Fylkeskommunen fekk på vegne av fleire vidaregåande skolar og opplæringskontor i fylket i 2018 innvilga ein felles Erasmus+-søknad om midlar til mobilitet i vidaregåande og høgare yrkesfagleg utdanning (KA102-søknad) av Diku- Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (tidligare SIU). Prosjektet «Skills for the Future 2018-2020» fekk tildelt 253 726 euro. Midlane har blitt nytta til utplassering og hospitering i utlandet for om lag 120 elevar, lærlingar, fagskolestudentar, og tilsette i fag- og yrkesopplæringa.

Fagarbeidaren i sentrum 2019-2021


Dei gode resultata av prosjektet «Skills for the future 2018-2020» og etterspørsel frå skolar og opplæringskontor gjorde at fylkeskommunen søkte på nytt i 2019. Prosjektet «The central skilled worker 2019-2021» fekk tildelt 415 998 euro, og midlane nyttast til utplassering og hospitering for elevar, lærlingar, fagskolestudentar og tilsette i fag- og yrkesopplæringa.

Den felles søknaden for mobilitet har så langt bidratt til at talet på lærlingar i fylket som får utplassering i utlandet, har auka frå 4 - 6 per år til omlag 20 per år.

Kontakt