G-PaTra- Green Passenger Transport in Rural Areas

Logo: interreg North Sea Region

Møre og Romsdal fylkeskommune er partnar i prosjektet G-PaTRA som handlar om å finne løysingar for å redusere CO2-utslepp frå persontransport også ute i distriktet.Deltakarane står for mange forskjellege initiativ for å nå målsettingane - alt frå å kjøpe inn el- eller hydrogenbussar til å utvikle ein reise-app.

Noreg sitt bidrag er å lage eit businesscase som kan overførast til andre øy-samfunn, der ein ser på moglegheita for å produsere hydrogen frå vindkraft til bruk lokalt på øya (til hurtigbåt, buss, ambulansebåt og i fiskeindustrien). Det fins per i dag veldig få grøne løysingar for transport utanfor bykjernene, og derfor er dette prosjektet viktig.  Deltakarane er bedrifter og offentlege instansar/kommunar/fylkeskommunar knytt til transport frå Nederland, Storbritannia, Belgia, Tyskland og Danmark.

Frå Noreg er fylkeskommunen, Nasjonalt vindenergisenter på Smøla og Smøla Nærings- og kultursenter med. Prosjektet er støtta av Interreg Nordsjøprogrammet og vil gå frå hausten 2017 og varer til og med 2021.

Les meir om prosjektet her

Kontakt