OSS - One Stop Shop - internasjonalt samarbeid om betre gründerhjelp

Bilde av ein logo for OSS Interregg Europa.

Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjektleiar for prosjektet One Stop Shop (OSS), som skal gjere det lettare å starte bedrift i Europa.

Prosjektet har fått innvilga 1 477 612 euro frå Interreg Europe-programmet. Prosjektet starta opp våren 2018 og vil vare fram til 2023. Dei andre partnar-organisasjonane kjem frå England, Bulgaria, Spania, Slovenia, Polen og Belgia. Prosjektet skal forbetre førstelinjetenesta for gründerar, ved å skape ei meir heilskapleg teneste.

Partnerskapet skal utvikle ei verktøykasse av gode metodar for førstelinjetenesta. Tema det skal jobbast med er; førstelinjesystem for etablarar, digital kapasitet og løysingar , mentorteneste for etablerar, samarbeid mellom dei ulike nivåa i offentleg og privat sektor for å skape ei meir heilskapleg førstelinjeteneste, tilgang på kapital (crowdfunding) for etablerar og samlokalisering som verkemiddel. 

Kontakt