YENESIS - Klima, energi og entreprenørskap

Bilde av ein logo som best¨r av to grøne blad og ein runding

Vi deltar i EØS-prosjektet «Youth Employment Network for Energy Sustainability in Islands» som skal førebygge og redusere arbeidsløyse blant unge, gjennom fokus på mellom anna entreprenørskap og grøne arbeidsplassar. Det skal utviklast eit økosystem for å sikre at fleire unge med kompetanse på øysamfunn i Europa skal ha betre grøne jobbmoglegheiter. Alle partnarar skal utvikle kompetansen på berekraftig  gründerverksemd og jobbskaping innan fornybar energi, mobilitet, energieffektivisering og berekraftig reiseliv.

Prosjektet har ei totalramme på 2.738.000 € og er eit samarbeid mellom 10 partnarar frå 8 europeiske land. Møre og Romsdal fylkeskommune er med som ekspertpartnar. Prosjektet starta i 2018 og varer til 2022.

Les meir om prosjektet her.

Kontakt